Slik jobba dei fram nyskapande turistbåt
Tredje generasjon båtbyggar ved Brødrene Aa fortalde korleis universell utforming la føringar for ny design.
Designar Torstein Aa fortalde torsdag deltakarane på industridesignkonferansen Industrial Design Conference 2021 på Giske, om arbeidet med å designe en ny type turistbåtar.
Båtbyggjeriet i Hyen har dei siste åra fått stor merksemd for den nye designet som førebels har resultert i tre nybygg: «Future of the Fjords», «Vision of the Fjords» og «Legacy of the Fjords».
– Då vi starta designprosessen forsøkte vi å nullstille oss, fortalde Aa innleiingsvis.
Krava dei sette opp i starten var at turistbåtane skulle vere oppsiktsvekkande, ha god design, god komfort – også skulle dei løfte sightseeing-opplevinga.
Universell utforming la føringa
Universell utforming var førande i arbeidet med finne ut korleis båten kunne sjå ut.
– Vi har fått noko heilt nytt ved å bruke det frå starten av prosessen, fortalde Aa.
Han fortalde at dei begynte å utforske ein ide om at båten skulle få form av ein slags spiral, der passasjerane kunne bevege seg oppover i fartøyet på «gangvegar» utandørs.
– Det er kring ein meter med rekkverk til kvar passasjer, så det er ein romsleg båt, fortalde han.
Stigninga på arealet utandørs, gjer også at folk ikkje står i vegen for kvarandre sin utsikt. På toppdekket er det 360 graders utsikt.
(saka held fram under)
Bestemte seg raskt for å bygge
Torstein Aa
fortalde at heile prosessen frå dei første skissene kom på bordet – til
ideen blei presentert for reiarlaget The Fjords, berre tok to-tre
månader.
Reiarlaget tente på ideen med ein gong, og bestemte seg for å bygge det første fartøyet same dag dei fekk presentert designet. Til no er det bygd tre slike båtar, og designaren fortel at det har vore interesse for å bygge fleire.
– Det har vore konkrete prisførespurnader frå utlandet, men det har ikkje resultert i fleire avtalar så langt. Vi er nok litt dyre, men interessa er der, la han til.
Tredje generasjon skipsbyggar
Torstein er tredje
generasjon skipsbyggar ved verftet i Hyen, og har vore skipsdesignar i
13 år i bedrifta som blei starta av bestefaren og broren hans.
– Dei skjønte tidleg at dei måtte være på topp teknologisk for å bygge båtar på ein så liten plass, fortalde han - og slik er det framleis, om ein skal drive båtbygging i høgkostland.
Båtbyggjeriet i Nordfjord har dei siste åra har vekse på å bygge hurtiggåande båtar i karbonfiber. Ved å bruke dette materialet kan dei lage lettare båtar, enn i andre material. Det gir naturlegvis også mindre utslepp.
– Det gjer at vi kan bygge båtar som er 30-40 prosent meir energieffektive, enn båtar i andre material, la han til.
I løpet av året har Brødrende Aa levert to båtar – Sigrid Sigurdsdotter og Liv Grannes - til Torghatten som skal trafikkere ruter i Nordland. Tidleg i år sikra verft seg kontrakt på tre båtar med ny design til det greske reiarlaget Attica Group.
Publisert: 21.10.2021 12:29
Sist oppdatert: 21.10.2021 12:41