Transportselskapa Tenden As og Thor Tenden Transport As leverte tett på ny rekordomsetning i fjor. Samtidig betra lønnsemda seg samanlikna med året før for dei to selskapa samla.
Det er majoritetseigar Rolf Olav Tenden «rimeleg godt nøgd» med.
Trufaste kundar som har hatt god vekst dei siste åra, ligg til grunn for resultata, fortel han til Nett No (sjå tabellar under)
– Vår visjon har vore å vere ein lokal transportør, også vi har vekse organisk med kundane våre heile vegen, seier Tenden.
Nordfjord Kjøtt si nedlegging av slakteriverksemda, førte samtidig til eit svakare 2024-resultat for Tenden-selskapet.
Det er moro så sjå at det veks til
Fleire tilsette etter oppkjøp
Transportfirmaet blei starta i 1941, og har dermed vore i bransjen i snart 80 år. I 2016 blei verksemda delt i selskapa Tenden og Thor Tenden Transport.
Ved starten av året kom nyheita om at dei kjøpte opp Egge Transport, som tilførte verksemda 12 nye tilsette og 8 vogntog.
Det gjer at Tenden-selskapa i dag har kring 60 tilsette i arbeid.
– Det er moro så sjå at det veks til og vi likar å vere framme i skoa og sjå etter nye moglegheiter, seier Tenden.
Les også
– Får ikkje til å slutte
Rolf Olav Tenden er sjølv dagleg leiar for Tenden- og Egge Transport-selskapa.
71-åringen påpeiker at han også har tilsett ein driftsleiar i dei to selskapa, medan Håvard Johan Nesje er dagleg leiar i Thor Tenden Transport.
Tenden har likevel ingen planar om å gi seg i arbeidslivet.
– Dei må nok bere meg ut. Eg har halde på med dette sidan eg var 20 år, og får ikkje til å slutte, seier han.
Han både jobbar og bur der bedrifta ligg, i utkanten av Stryn sentrum.
– Her har vi også den beste utsikta i verda, legg han til.

– Det er dyrt å kjøpe inn nytt
Det manglar likevel ikkje på utfordringar, og transportbransjen har både hatt lågare marginar og store svingingar i kostnadene dei siste åra.
– Prisen på alle bilar og utstyr har auka veldig, og det er dyrt å kjøpe inn nytt, seier Tenden.
Til vanleg sel dei gjerne tre til fem bilar årleg vidare, men per no har dei nesten ingen bilar i bestilling. Årsaka er at det uansett er korte leveringstider.
Tenden fortel at dei er litt forsiktige og ser på moglegheitene til å behalde bilane litt lenger enn vanleg, for å skyve på kostnadene.
Kundane er i dag ikkje villige til å betale kva det kostar å køyre på hydrogen, eller batteri,
Snusar på hydrogen- og batteribilar
Omlegging til ei meir miljøvennleg driftsform enn dieselbilar, er ei anna utfordring.
Tenden fortel at dei var tidleg ute med å vurdere hydrogenbilar, men at infrastruktur med manglande fyllestasjonar lenge var eit problem.
– No er mykje av dette kome på plass, men kundane er i dag ikkje villige til å betale kva det kostar å køyre på hydrogen, eller batteri, seier Tenden.
Transportselskapa undersøker moglegheitene for elektrisk drift på bilane, men har per no ikkje funne fullgode alternativ. Grunnen er dei lange distansane og totalvekt på bilane på opptil 60 tonn.
– Vi er veldig spente på elektrifiseringa, og skal mellom anna teste ein ny Mercedes-type i juni. Men per no finst ikkje batteribilar som kan gjere jobben, legg han til.
Positivt med lågare drivstoffprisar
Då drivstoffprisane skaut i veret for nokre år sidan, innførte Tenden-selskapa eit dieseltillegg. Det har fungert godt, meiner Tenden - men betyr samtidig at inntektene varierer etter prisnivået veke for veke.
– Det er uansett veldig positivt for oss at drivstoffprisane har gått ned. På det høgste har dieseltillegget vore oppe i 18-19 prosent av fakturabeløpet, medan den førre veke var på fire og ein halv prosent, fortel han.
Rolf Olav Tenden er majoritetseigar med drygt 92 prosent av aksjane i Tenden As og Thor Tenden Transport As, medan Inge Brynestad eig knappe åtte prosent i selskapa.
Egge Transport skal etter planen bli innfusjonert frå neste år.
| Thor Tenden Transport As | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 97,6 | 98,5 |
| Driftsresultat | 4,5 | 2,8 |
| Resultat før skatt | 4,8 | 2,8 |
| Tenden As | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 37,4 | 37,2 |
| Driftsresultat | 0,8 | 1,8 |
| Resultat før skatt | 0,9 | 1,8 |
| Egge Transport As | ||
| Tall i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 17,9 | 15,2 |
| Driftsresultat | 1 | 0,4 |
| Resultat før skatt | 0,9 | 0,3 |
Publisert: 06.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 06.05.2025 08:52






