Kort fortalt

Transportselskap kjøpar konkurrent

Stryn-selskap får fleire tilsette.

13.02.2025

Transportselskapet Tenden i Stryn kjøper alle aksjane i Egge Transport, melder Fjordingen

Selskapet er samde om å fusjonere neste år, men oppkjøpet er gjeldande frå 1. januar i år. 

Egge Transport har vore eigd av brørne Knut Håvard Egge og Ole Jacob Egge. Sistnemnte går ut av selskapet etter eige ønske, medan Knut Håvard Egge er tilsett som trafikkleiar i Tenden. Dei tilsette i selskapet blir også med vidare i Tenden. 

Tenden har i dag 12 tilsette og åtte vogntog, medan Egge Transport har seks tilsette og fire vogntog. 

Rolf Olav Tenden fortel til avisa at noko av det viktigaste med kjøpet var å få inn Knut Håvard Egge som ein ressurs i selskapet. 

– Eg er etter kvart blitt 70 år sjølv, og må og tenke på fornying og vidareføring. Så var det utsikta til ytterlegare uthenting av synergiar for to selskap i same bransje som og har hatt tradisjon for samarbeid opp gjennom åra, seier Tenden.

Publisert: 13.02.2025 18:50

Sist oppdatert: 13.02.2025 18:50

Mer om