Tech vekst montasje 11
KAPITALJAKT: Jan Tore Holen (f.v.), Gry Cecilie Sydhagen og Stian Bang har på ulike måtar lukkast med å hente inn vekstkapital til selskapa sine. Foto: Marius Rosbach/Ogne Øyehaug
Nytt

Har lukkast med å finne vekstkapital

Vi spurde tre tech-selskap korleis dei lukkast i jakten på pengar.

27.12.2023

– Vi trengde eigentleg ikkje leite, fortel Metizoft-gründer Gry Cecilie Sydhagen om korleis dei enda opp med 160 millionar i vekstkapital frå statlege Nysnø Klimainvesteringer og investeringsselskapet Dovetail.

Herøy-selskapet har vekse på system for å dokumentere farlege stoff om bord i skip. Framover reknar dei med auka etterspurnad på ESG-rapportering og livsløpsanalyse.

Overraska over interessa
«Jakta» på investorane for Herøy-selskapet sin del starta med at Sydhagen hadde ei bedrift på radaren som ho ville «grabbe tak i». Slik gjekk det aldri, men då dei først hadde starta å «rote seg inn i det miljøet» - som gründeren seier – starta snøballen å rulle.

Sydhagen fortel at dei vart overraska over interessa.

– Vi har halde på her ute i havgapet og jobba med vårt, men hadde nokre klare tankar om kva vi trengde for å få oss dit vi ville, fortel Sydhagen.

Metizoft Nysnø Dovetail foto 22
NYE INVESTORER: Codruta Gamulea Berg (f.v.) og Eirik Dahle fra Dovetail, Gry Cecilie Sydhagen, daglig leder i Metizoft og Lene Hodge og Joe Eliston fra Nysnø Klimainvesteringer. Foto: Nysnø Klimainvesteringer

– Viktig med norsk eigarskap
Resultatet av at dei snuste på eit oppkjøp, enda med at dei hyra ein meklar – Saga Corporate – som hjelpte til med det som utvikla seg til å bli ein kø med interesserte.

– Vi «pitcha» for 30-40 ulike investorar før vi landa på Nysnø og Dovetail, så dei er handplukka frå vår side, fortel Sydhagen.

Aktørane kom frå både USA, Storbritannia, Kina – og ikkje minst Sverige. For Metizoft-leiinga var det viktig å framleis vere i førarsete med aksjemajoritet – slik at dei har det avgjerande ordet.

– For meg var det også viktig med norsk eigarskap, fortel Sydhagen.

– Trengde fleire armar og bein
Metizoft-sjefen fortel at det kom langt meir pengar på bordet frå dei utanlandske aktørane. Det var likevel ikkje freistande – og meir musklar til å vekse i form av folk og kompetanse, vart avgjerande.

– Vi var klar over kva vi trengde om vi skulle nå måla våre, og det var meir «human capital». Vi trengde fleire armar og bein rett og slett. No har vi fått med oss investorar som gjer oss sterke, seier Sydhagen.

Metizoft-sjefen fortel at det aldri var investorar frå Nordvestlandet som var aktuelle til å gå inn i selskapet i denne omgang. Samtidig påpeiker ho at det hadde vore spennande med nokon som kjente kulturen deira – ikkje minst det å vere handlekraftig, som ho meiner kjenneteiknar det sunnmørske næringslivet.

Jan Tore Holen Foto Marius Rosbach 222
FLEIRE RUNDER: Jan-Tore Holen har henta kapital i fleire runder til it-selskapet Conta. Han meiner investormiljøet på Nordvestlandet har blomstra dei siste åra.

Oppblomstring i investormiljøet
Jan Tore Holen har erfaringar med fleire rundar kapitalinnhenting gjennom åra han har bygd opp it- og konsulentselskapet Conta.

– Då vi var ute etter vekstkapital for nokre år sidan, var det veldig lite tilgjengeleg her i regionen. Slik sett har det definitiv vore ei positiv utvikling dei siste åra, seier Holen.

NETT NO møter it-leiaren ved eit arrangement på Pir Cowork i Ålesund. Det rosa sentrumsbygget er ein av fleire plassar som har vekse fram der investorar og gründermiljøet kan møtast.

– Nokon som trur på rebellane
Holen er ikkje i tvil om at oppblomstringa i investormiljøet vil gjere at fleire selskap med vekstpotensiale vil dukke opp.

– Vi treng nokon som trur på rebellane som skal gjere noko som kanskje høyrest ut som galskap - og i tillegg kostar mykje pengar. Nokon må vere villige til å satse på dei også, seier Holen.

– Verken bankar eller investorar skjønte kva vi dreiv med i starten, og stilte spørsmål ved at vi tapte mykje pengar.

Det siste halvåret har det ikkje vore ein einaste norsk aktør som har teke kontakt, men det har vore fleire utanlandske investorar
Jan Tore Holen

Berre utanlandske friarar
Etter at inntektene og lønnsemda har auka for Conta, har straumen av førespurnader frå investorar til Ålesund-selskapet auka.

Holen fortel at det har vore jamn pågang det siste halvåret. Og det har berre vore utlendingar.

– Det siste halvåret har det ikkje vore ein einaste norsk aktør som har teke kontakt, men det har vore fleire utanlandske investorar.

– Eg veit ikkje om det har noko med skatt å gjere, men eg mistenker at det har noko å gjere med at norske investorar ikkje klarer å rekne heim satsingar på same måte som utlendingane klarer, legg Holen til.

– Viktig at ein ikkje sel for tidleg
Sjølv om Conta-sjefen ser positiv utvikling i regionen med fleire vekstselskap – også i «utradisjonelle» bransjar til Nordvestlandet å vere – saknar han dei verkelege suksesshistoriene.

– Det er viktig at ein ikkje sel for tidleg, seier Holen.

– Kvifor kan vi ikkje klare å få til å bygge nokre kjempestore bedrifter på Sunnmøre, som framleis er eigd av sunnmøringar - og ikkje har kome på hendene til utanlandske eigarar, spør han og let spørsmålet henge i lufta.

Stian bang foto Ogne
«NO BRAINER»: Stian Bang var ikkje i tvil om at Olav Thon Gruppen var ein god samarbeidspartnar då dei ringde for å snakke om parkeringsløysingane til Parkly. Foto: Ogne Øyehaug

Telefon frå Thon Gruppen
Parkly er framleis eit relativt nytt selskap. Dei starta i 2019 med å levere nye teknologiske løysingar for parkeringsbransjen.

I løpet av kort tid har dei gått frå å levere til mindre parkeringsanlegg, til å snakke med dei største eigedomsaktørane i landet om leveransar.

Hausten 2023 fortel dagleg leiar Stian Bang korleis det er å få ein telefon frå Thon-gruppa. Ikkje berre ville dei snakke om å ta i bruk Parkly si løysing, men etter kvart også kome inn på eigarsida.

– Der og då handlar det om å halde maska og seie at: Ja, vi skal vurdere det, seier Bang og ler.

– Mykje har endra seg det siste året
Då OIav Thon Gruppen tok kontakt var det ein «no brainer» slik seriegründeren vurderer det.

– Noko av det mest vanskelege som gründer, er å skape tillit ute hos folk. Når OIav Thon Gruppen trur på deg, så vil andre også gjere det, seier Bang.

Samtidig som Parkly hadde dialog med Thon, var dei i ein prosess med Norges-Gruppen. Dei var ikkje seine om å følgje etter då dei forstod at Thon ville satse på ålesundarane.

– Vi fekk to av Norges mest solide merkevarer inn på eigarsida på 1-2-3. Det har gjort at mykje har endra seg det siste året, seier Bang.

Podium

E23/S2 Kva skal til for å lukkast som gründer?

Publisert: 27.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 27.12.2023 14:10

Mer om