Jan Tore Holen Foto Marius Rosbach 222
NY ROLLE: Mangeårig Conta-sjef Jan-Tore Holen skal over i ny rolle som konsernsjef. Då vil han samtidig jobbe meir med investeringar - og vil gjerne satse på selskap her i regionen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil satse på selskap frå Nordvestlandet

Conta-gründer blir meir aktiv som investor. Forvaltar store verdiar i investeringsselskap.

Marius Rosbach
28.03.2025

Nyleg blei det kjent at Jan-Tore Holen gir seg som administrerande direktør i Conta.

Sulalendingen går over i ei ny rolle som konsernsjef, og det blir snart kjent kven som blir etterfølgjaren i rekneskapssuksessen. 

Samtidig vil Holen ta ein meir aktiv rolle som investor gjennom investeringsselskapet Pilea.

– Vi bygger både ein børsportefølje og skal gjere fleire investeringar i Pilea. Og vi ønsker å investere i fleire selskap på Sunnmøre dei kommande åra, fortel han til Nett No. 

Vi ønsker å investere i fleire selskap på Sunnmøre dei kommande åra
Jan-Tore Holen

Har starta å få betydelege inntekter
Holen eig kring 96 prosent av investeringsselskapet – som av patriotisme til heimkommunen blir flytta til Sula. 

Dei resterande aksjane er eigd av Icecap som sunnmøringen sin Oslo-baserte partnar, Eirik Kadota-Isaksen, står bak. Han har mange år jobba i Alpha Corporate Finance.

Holen fortel at dei har starta å få betydelege inntekter i form av utbytter frå eigarskapen i Conta-konsernet. 

Investerer helst i teknologiselskap
Gjennom investeringsselskapet har dei allereie gjort fleire investeringar – eksempelvis Ansettr, Mailmojo, Motivati og Dealdrive. 

Han fortel at dei helst investerer i teknologiselskap i business-to-business-verksemd, men at det også kan vere selskap i meir tradisjonelle bransjar som jobbar med spennande teknologi. 

– Pilea investerer i både tidleg fase og meir modne selskap, men vår «sweet spot» er nok selskap som har begynt å få ein viss storleik, og som gjerne har kome til «break even», eller ser at ein kjem dit i løpet av nokre år, legg Holen til. 

Forvaltar truleg verdiar for ein halv milliard
Rekneskapen for investeringsselskapet for 2024 er ikkje offentleg enno, men allereie ved utgangen av 2023 var eigenkapitalen i Pilea på nær 250 millionar kroner.

Samla forvaltar Holen og partnaren truleg verdiar for kring det doble. 

Dagens Næringsliv omtala i fjor haust korleis sunnmøringen har bygd opp Conta etter å ha vore gjennom eit «konkursmareritt». 

Avisa anslo at selskapet var verdsett til éin milliard – og av dette kontrollerer gründeren drygt halvparten. 

Jan tore holen foto conta
MILLIARDVERDI: Selskapet som Jan-Tore Holen har vore med å bygge oppe, er i dag verdsett til kring éin milliard. Foto: Conta

Vil bygge børsportefølje
Når det gjeld børsinvesteringar, er planen å bygge opp ei portefølje over tid. 

For augneblinken erkjenner han at mykje er usikkert – og tør ikkje seie noko kva veg pilane vil peike.  

– Vi tenker uansett å vere i marknaden og vil nytte eventuelle børsfall til å vekte oss opp over tid, fortel han. 

I dag er Pilea i hovudsak i globale aksjefond, men har dreia seg meir mot Europa og Norden den siste tida. 

– Vi har ein plan om å gjere enkelte større investeringar i enkeltselskap på børs, men det skjer nok ikkje i det heilt korte bilde, legg han til. 

Meiner gode selskap framleis finn investorar
Holen har sjølv vore gjennom fleire rundar med kapitalinnhenting opp gjennom åra. 

Det siste året har fleire fortald at investorar sett tøffare krav til å gå inn i vekstselskap.

Holen delar likevel oppfatninga til dei som ikkje vil kalle det ei kapitaltørke.

– Vi opplever at gode selskap ikkje har noko problem med å hente kapital per i dag. Samtidig som ein del vekstselskap som har store kapitalbehov over tid, har det meir vanskeleg, er hans vurdering.

Har lukkast i kapitaljakta
Då Nett No hausten 2023 omtala selskap som hadde lukkast i jakta på investorar, var Conta eitt av eksempla som blei trekt fram. 

Den gong sa Holen til Nett No at han håpte eit veksande investormiljø i regionen ville gjere at fleire selskap med vekstpotensiale dukka opp.

– Vi treng nokon som trur på rebellane som skal gjere noko som kanskje høyrest ut som galskap - og i tillegg kostar mykje pengar. Nokon må vere villige til å satse på dei også, sa Holen.

Starta som gratis fakturaprogram
«Headhuntet egen lærer», skreiv Nett No i 2015 om korleis Jan-Tore Holen saman med Randi Nyhaug hadde bygd opp Chimaera, forløparen til Conta. 

I dag er Conta eit konsern som tilbyr ein rekke betalingstenester innan rekneskap, løn og årsoppgjer. 

Det heile starta som eit gratis fakturaprogram. I perioden frå 2015 til og med 2021 tapte selskapet pengar. 

Så snudde det. I løpet av 2022 og 2023 vart det kraftig vekst – og solide overskot for selskapet.

Då Holen blei intervjua som Gaselle-leiar i Dagens Næringsliv, anslo han at ei omsetning på ein halv milliard var innan rekkevidde i løpet av få år. 

Conta-rekneskapen for 2024 er ikkje offentleg enno. 

Høyr Jan-Tore Holen i podcasten Podium frå 2021:

Podium

E11/S2 Anne Birte Bjørdal Hanken og Jan-Tore Holen om gründerlivet, oppstart og vekst.

Publisert: 28.03.2025 08:57

Sist oppdatert: 28.03.2025 10:04

Mer om