Regionbyggar 11
FEKK PRIS: Frå venstre fylkesordførar Line Hatmosø Hoem og dei tre daglege leiarane; Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen, Ole Rugset i Kristiansund og Nordmøre Næringsforum og Britt Flo i Molde Næringsforum. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Næringsforuma er «Årets regionbyggar»

- Eit av dei sterkaste korta vi har er næringslivet i fylket.

Marius Rosbach
11.01.2023

Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Molde Næringsforum og Næringsforeningen Ålesundregionen vart onsdag tildelt prisen «Årets regionbyggar 2022». Det skjedde under Nyttårskonferansen på Scandic Seilet-hotellet i Molde.

Det var fylkesordførar Line Hatmosø Hoem som delte ut prisen, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

- Tusen takk for at juryen løftar fram eit næringslivssamarbeid til «Årets regionbyggar». Det set vi utroleg stor pris på, sa dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum då ho takka for prisen.

Foreiningane har mellom anna hatt stor suksess med felles Bli med hjem-arrangement. Dei har óg gått saman om eit felles rekrutteringsprosjekt som nyleg fekk fylkeskommunal støtte.

- Eit av dei sterkaste korta vi har
Dagleg leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen sa i sin takketale at Møre og Romsdal ikkje er det største fylket i landet, og at det er ein kamp om ressursar og kompetanse.

- Eit av dei sterkaste korta vi har er næringslivet i fylket, som konkurrerer internasjonalt og eksporterer mykje. I tillegg er det mykje godt samarbeid mellom kommunar, fylkeskommune og ikkje minst akademia og dette må vi bygge vidare på, sa Solheim ifølgje meldinga.

Her er juryen si grunngjeving:

«I ei tid kor rekruttering er viktigare enn nokon gong før, har Molde Næringsforum, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum og Næringsforeningen Ålesundregionen gjennom sitt samarbeid om «Bli med heim» og det planlagde rekrutteringsprosjektet vært ei samlande kraft for tilflytting til fylket vårt.

Dei har skapt nye møteplassar mellom bedrifter, organisasjonar og kommunar i Møre og Romsdal og studentar i Trondheims- og Osloregionen.

På sine arrangement visar deg fram den attraktive arbeidsmarknaden i fylket vårt, men også kvalitetar ved kulturliv og friluftsliv med eit felles mål om å saman tiltrekke seg fleire tilflyttarar.»

Publisert: 11.01.2023 14:28

Sist oppdatert: 11.01.2023 14:36

Mer om