Camilla Espeseth Bjørkedal 10
BROSUNDET: Opplevinga av å site framfor «verdas største peis» er mellom opplevingane hotelldirektør Camilla Espeseth byr gjestane på Hotel Brosundet. Foto: Marius Bjørkedal
Nytt

– Nærmarknaden er meir populær enn nokon gong

Ein «megapeis» kan vere mellom trekkplastera som gjer reiselivsmarknaden meir lønnsam.

Marius Rosbach
04.05.2024

Hotel Brosundet i Ålesund ligg an til ein ny rekordsommar – og får meir draghjelp av besøk av gjestar frå Nordvestlandet.

Det kjem fram i den nyaste episoden av podcasten Podium.

– Vi ser at nærmarknaden er meir populær enn nokon gong, seier hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet.

Ho fortel at også restaurantane deira trekk fleire lokale ålesundarar.

Høyr heile podcasten:

Podium

E26/S2 Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

Hotelldirektøren er gjest i podcast-studio saman med Kjetil Aarseth, som er dagleg leiar ved Atlanterhavsparken.

Korleis reiselivsbransjen kan auke verdiskapinga, er eitt av spørsmåla som blir stilt i podcasten.

– Kvalitet er viktig
Eit grep er å få gjestane til å bli lengre enn eit par døgn. Då er brått verdiskapinga fleirdobla. Ei anna løysing er å få meir ut av kvart døgn gjestane er på besøk.

– Eg trur kvalitet er viktig, seier Aarseth.

Han meiner at når folk har fått finare heimar, må hotella og reiselivsbransjen også legge terskelen høgare.

– Brosundet og Hotel 1904 er mellom hotella i Ålesund som held veldig høg kvalitet, seier sjefen på Atlanterhavsparken.

Peis har vorte ein attraksjon
Sjølv tek Aarseth seg gjerne ein kaffi framfor det han omtalar som «verdas største peis» på Brosundet-hotellet i helga.

Hotelldirektør Espeseth fortel at den store peisen har vorte ein attraksjon, på same måte som badekara på brygga framfor bygget.

– Vi har folk som kjem inn frå gata, tek bilde og går ut igjen. Den har fått veldig mykje merksemd, seier Espeseth.

Podium montasje espeseth aarseth foto bjorkedal atlanterhavsparken 11
VENTAR REKORDÅR: Både Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet fortel i podcasten at dei ligg an til nytt rekordår i 2024. Foto: Atlanterhavsparken/Marius Bjørkedal

Har involvert lokalsamfunnet
Ein trend for heile hotellbransjen, er at fleire gjestar unner seg litt luksus.

– Om du er businessgjest, eller på privat reise, vil du ha det litt ekstra godt, og ta vare på deg sjølv. kanskje ta ein massasje, eller ein betre middag, seier hotelldirektøren.

Difor har dei auke talet på arrangement på hotellet, slik at gjestane får oppleve meir i løpet av opphaldet.

Nett No besøkte Brosundet i fjor då Espeseth fortalde korleis dei mellom anna har involvert lokalsamfunnet for å skape meir «liv» på hotellet.

Businesskundar er viktige
Brosundet-hotellet har lagt bak seg fleire rekordår sidan dei gjekk gjennom ei omfattande renovering og samanbygning med det tidlegare nabohotellet.

2022 vart eit rekordår på alle vis, med ei omsetning på meir enn 63 millionar. Overskotet var også «all time high».. Tale for 2023 er ikkje offentlege enno.

Hotelldirektøren påpeiker at dei mange bedriftene i regionen, gjer at dei trekker til seg mykje businesskundar heile året.

– Det er vi heilt avhengige av - og det er veldig positivt, seier Espeseth.

Kan ta høgare romprisar
Også 2024 ligg an til å bli eit nytt rekordår for ålesundhotellet.

– Dei tre første månadene er betre enn i fjor, og prognosane framover ser ut til å bli like bra som i fjor, og kanskje betre. Og det var eit godt år, seier hotelleidrektøren.

Ho fortel at belegget har vore stabilt, men at dei har klart å ta høgare romprisar.

– Det er veldig viktig for oss å auke prisane, så vi klarer å få ei god omsetning, legg ho til.

Ligg an rekordbesøk ved Atlanterhavsparken
På Atlanterhavsparken ligg også Kjetil Aarseth og dei andre tilsette an til eit nytt rekordår i form av talet på besøkande.

– Vi hadde eit veldig godt år i fjor med 191.000 besøkande. Vi skal klare å nå det, og mest sannsynleg kome over, seier han.

I år håpar han å bikke over 200.000 besøkande – og prisane er sett opp. Aarseth vil også satse meir på å halde ope kveldstid med arrangement, til eksempel for næringslivet.

– Det er berekraft i praksis å nytte anlegget heile døgnet, seier han.

Publisert: 04.05.2024 05:00

Sist oppdatert: 04.05.2024 15:15

Mer om