– Kjekt å sjå at det nyttar
Årets bedrift i Møre og Romsdal har bidrege til at Geiranger har gått frå å vere ei bygd til å bli ein tettstad.
Hotel Union Geiranger blei tidlegare i år kåra til årets bedrift i Møre og Romsdal fylke. Måndag var tida kome for å ta i mot prisen under fylkestinget i Molde.
– Det er kjekt å sjå at det nyttar, sa hotelldirektør Monja Mjelva frå talerstolen saman med ektemann og medeigar Sindre Mjelva.
Har skapt meir heilårsturisme
Bakgrunnen for at prisen gjekk til hotellet, er mellom anna fordi dei har skapt ei rekke nye heilårs arbeidsplassar i turistbygda.
Medan store delar av indre Sunnmøre slit med fråflytting, har pilane peika motsett veg i Geiranger – og det siste året har innbyggjartalet i turistbygda auka.
– Ifølgje den siste meldinga frå SSB har vi gått frå å vere ei bygd til å bli ein tettstad, kommenterte Sindre Mjelva til utviklinga.
Han understreka at hotellet har lagt ned betydeleg innsats, mellom anna med å bygge nye bustader til dei tilsette.
Mjelva sa seg også nøgd med at Stranda-bygda har fått tryggare vinterveg til bygde med ny tunnel på plass – og at det kjem heilårsferje på fjorden. Begge har trua på at begge delar vil legge til rette for endå meir heilårsturisme.
Vil heie fram praktikarane
Hotelldirektør Monja Mjelva fortalde at det er givande å jobbe med unge folk, og sette pris på at nokon framleis vil utvikle seg innan dei praktiske faga.
– Det trur eg er noko vi må heie fram meir, la ho til.
Ho bad også politikarane sørge for at systemet som skal hjelpe verksemda til å integrere nye tilsette i lokalsamfunnet, hang betre saman enn dei opplever i dag.
– Vi må hente kompetanse også utanfor landegrensene, men då må vi kunne integrere dei gjennom kompetanseheving og generelt i samfunnet, sa Mjelva – men påpeika at dette ofte var ei utfordring.
Publisert: 22.04.2024 16:06
Sist oppdatert: 22.04.2024 21:26