Stormfuglen rettsak foto Ogne
KAN BLI ANKE: Begge partar vurderer anke i Stormfuglen-saka. På venstre side, Eva Toril Strand i Stormfuglen Holding (med ryggen til), Ulf Sørdal og Kenneth Steffensen frå advokatselskapet SANDS. På høgre side skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll og Oda Vinjevoll og Silje Bruun Teigen frå advokatselskapet Adviso. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Også Stormfuglen vurderer anke

Seljarane av fiskefartøy og kvoter blei tilkjent erstatning, men vurderer likevel å anke dom.

14.03.2023

- Vi vil vurdere ein anke på sjølvstendig grunnlag, seier advokat Ulf Sørdal.

Han og kollega Kenneth Steffensen representerte Stormfuglen Holding i erstatningssaka der skipsmeklarselskapet Atlantic Marine og skipsmeklar Kåre Sindre Nyvoll vart dømt. Tingretten fann at dei skulle betale høvesvis 14 og 3 millionar kroner i erstatning etter eit fiskefartøy- og kvotesal i 2020.

Nyvoll og Atlantic Marine har allereie varsla at dei vurderer ein anke.

Selde seg ut
Utgangspunktet for saka er at fiskebåtreiar Eva Toril Strand og hennar søster Dagny Elisabeth Strand Bachmann i Stormfuglen Holding på Averøy selde seg ut av fiskeri i 2020.

Kåre Sindre Nyvoll i skipsmeglerselskapet Atlantic Marine i Ålesund fekk oppdraget med å finne kjøpar til fiskebåten Stormfuglen og tilhøyrande kvoter.

Det gjorde han. Kjøparane var ei gruppe fiskebåtreiarar i Herøy, som betalte 320 millioner kroner for båt og kvotar.

I etterkant av salet meinte Strand-søsterne at prisen for båt og kvotar var lågare enn det som kunne vore oppnådd, og at Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll var ansvarleg for det.

Usamd med grunnlaget
Ifølgje dommen er det ikkje kjøpesummen, men mangelfull rådgiving i samband med salet, som gjer at Atlantic Marine og Nyvoll er dømt til å betale erstatning.

Det ville vore skattemessig gunstigare for Stormfuglen Holding å selge aksjane i datterselskapet Stormfuglen - som eigde båt og kvotar - i staden for å selge båt og kvotar direkte, såkalla innmatsal.

I utgangspunktet vart det avtala eit innmatsal, som seinare vart gjort om til eit aksjesal - men då var prisen allereie avtalt.

Sørdal meiner også prisen som vart oppnådd i 2020 er for lav, og det er grunnlag for erstatning på grunn av det. Han er også usamd dommen ikkje pålegg Atlantic Marine og Kåre Sindre Nyvoll å dekke Stormfuglen Holding sine sakskostnadar.

Publisert: 14.03.2023 05:00

Sist oppdatert: 14.03.2023 00:35

Mer om