Oljesmell for Hotel Ulstein
NEDTUR: Når bedriftene i Ulsteinvik og resten av ytre søre Sunnmøre får mindre å gjere blir det færre overnattingsgjestar på Quality Ulstein Hotel. Hotellet ventar at markanden blir tøff også i 2017. 
Nytt

Oljesmell for Hotel Ulstein

Inntektene for hotellet i Ulsteinvik fall med 11 prosent i fjor og fallet held fram i år

13.09.2016
Hotellet i Ulsteinvik har fått oljesmellen. Kommunen har den tredje største arbeidsløysa i Møre og Romsdal, .
Lågare aktivitet i næringslivet slår ut for eit typisk forretningshotell som Hotel Ulstein.
- Dei store (bedriftene, red. merk) rundt oss blør. Dei er på sparebluss og det går ut over oss, seier hotellsjef Brynhild Ulstein i Hotel Ulstein.
Hotellet reknar med ein tøff marknad også i 2017, i følgje Ulstein.

Kortare besøk

Erik Lystad, som nettopp har byrja som dagleg leiar på hotellet, seier nedgangen frå 2015 held fram også i år. Det er blitt færre overnattingar, mellom anna fordi folk som tidlegare budde to netter når dei var på jobb i området no prøver å få jobben unna så raskt at dei kan nøye seg med berre ei natt på hotellet.
Inntektssvikten i fjor førte til at selskapet gjekk i med underskot (sjå tabell), og har kutta ned på bemanninga for å redusere kostnadane.
Forretningsmarknaden er den viktigast for alle hotella på søre Sunnmøre; Thon Hotel i Fosnavåg, Volda Turisthotell, Melshorn Hotel på Hareid, Hotell Ivar Aasen i Ørsta og altså Quality Hotel Ulstein i Ulsteinvik

Tørka ut

I Hareid har oljesmellen slått enda hardare ut. Då Liv Haddal Røssevold tok over hotellet på Hareid i 2014 såg det lyst ut. Selskapet hadde kontrakter til utleige av overnattingskapasitet til mellom andre verfta, og også cateringoppdrag for bedriftene.
Men alt tidleg i 2015 såg ho at det byrja å butte i mot. Takka vere langsiktig kontrakter fekk ho eit godt resultat i 2015 (sjå tabell), men i desember i fjor avvikla ho hotelldrifta og gjorde Melshorn Hotel om til akuttmottak for flyktningar. Den kontrakten gjekk ut i vår, men kjem til å sikre eit brukbart resultat også i 2016, seier Haddal Røssevold.
5. september blei Melshorn Hotel gjenopna , men no som bed & breakfast-hotell. Det betyr fem arbeidsplassar mot ni før, mellom anna fordi hotellet ikkje lenger har kokk i arbeidsstokken.

Simulator-inntekter borte

Thon Hotel i Fosnavåg er ikkje eit sjølvstendig aksjselskap, og offentleg gjer heller ikkje eige reknskap for drifta.
I utgangspunktet skulle aktiviteten på simulatorsenteret, som er i same bygget, gi hotellet ein beleggsprosent på 40 prosent i vekedagane. Den forventinga er neppe innfridd.

I utgangspunktet rekna simulatorsenteret å ha mellom 700 og 800 personar på kurs i året, for å lære om og øve på drift av skip og maritime operasjonar. Då 2015-tala kom på bordet vist det seg at driftsinntektene for sentere var beskjedne 2,7 millionar kroner, .

Aukar i Ørsta

I Ørsta hadde Hotell Ivar Aasen mellom anna italienske kraftlinebyggare buande i deler av 2014. Utan dei fall inntektene i fjor, men så langt i år er det ein inntektsauke på omlag en halv million kroner takka vere fleire turistar, i følgje Teige.
Resultatet for 2015 var derimot ikkje noko å glede seg over (sjå tabell) men skuldast i stor grad omorganiseringar son gjer at at tal for 2014 og 205 ikkej er direkte samaliknbare. I 2014 var Hotel Ivar Aasen og det som i deg er Melshorn Hotel samla i eitt driftselskap før dei vart delt på vårparten.
I fjor var drift- og eigedomsselskapet for Hotel Ivar Aasen samla i eitt selskap, og der vart gjort store nedskrivingar i eigedomsmassen som slår ut i det store underskotet.
Dei store rundt oss blør. Dei er på sparebluss og det går ut over oss

Publisert: 13.09.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:00