Stig Remou foto Ogne
Stig Remøy eig Olympic Group, som er majoritetseigar i offshorereiarlaget Olympic Subsea. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Olympic Group over to milliardar

Høgaste driftsinntekt sidan 2015.

28.04.2026

Ikkje sidan 2015 har Olympic Group-konsernet i Herøy hatt ei inntekt over to milliardar kroner.

Den gongen gjekk konsernet imidlertid med neste minus 400 millionar kroner i resultat før skatt. I fjor blei det eit overskot på 813 millionar kroner.

"Resultatene viser styrken vi har bygget gjennom en langsiktig satsing på grønn omstilling til havs, kombinert med bred aktivitet innen flere marine og maritime områder", seier Stig Remøy i ei pressemelding.

Byggjer i Kina
Stig Remøy eig Olympic Group, som er 67 prosent eigar i offshorereiarlaget Olympic Subsea, med ein flåten på 12 fartøy ifølgje selskapet si nettside. 11 av dei er bygd for operasjonar på havbotnen. 

Olympic Group er også 73 prosent eigar i Rimfrost Holding, eit krillfiskeselskap som per i dag ikkje har båtar i fiske.

Olympic Group har to fartøy under bygging ved CMHI-verftet i Shanghai i Kina. Dei skal leverast neste år. Dei to konstruksjonsskipa skal byggast for å operere i olje- og gassbransjen, og til utbygging av fornybar kraftproduksjon til havs.

Olympic Group as (konsern)  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt2021,41831,4
Driftsresultat894,5922,2
Resultat før skatt813,0644,0

Publisert: 28.04.2026 15:30

Sist oppdatert: 28.04.2026 15:50

Mer om