Olympic nei hos Sjoemannsforbundet
SPLITTA:Fagforeiningane er splitta i synet på lønskutt-avtalen i Olympic-reiarlaget. Fleirtalet i Sjømannsforbundet er i mot, men samla sett fekk avtalen fleirtal hos dei tilsette. Her er Olympic-skipet Olympic Progress ved kai på Remøy i fjor sommar.
Nytt

Olympic-nei hos Sjømannsforbundet

Lønnskutt-avtalen i Olympic skjedde mot fleirtalet i Sjømannsforbundet sin vilje.

15.02.2016
Kortare arbeidstid ombord og kutt i løna. Det er avtalen som er gjort mellom Olympic og Norsk Sjøoffisersforbund, Norsk Sjømannsforbund og Det Norske Maskinistforbund.
Fleirtalet av sjøfolka røysta ja til avtalen, som skal gjelde for i dag og eitt år framover.

Splitta forbund

På førehand var det avtalt at det var det samla røystetalet som skulle avgjere. Difor vart det ein avtale, trass i at fleirtalet av medlemane i Norsk Sjømannsforbund røysta nei.
- Det var ei vanskeleg sak for oss, seier Line Heimstad i Norsk Sjømannsforbund.
Men i lys av det som var avtalt har sjømannsforbundet godkjent avtalen, i følgje Heimstad.

Kan inngå lokale avtalar

Sjømannsorganisasjonane og Norges Rederiforbund har avtalt at den sentrale tariffavtalen kan fråvikast gjennom lokale avtalar, på to punkt:
At løna kan kuttast i kombinasjon med reduserte arbeidstid ombord.
At tillegg sjøfolka får om turnusen blir forlenga kan kuttast.

Avtale på førehand

Om avgjerda skal takast gjennom ei felles avstemming for medlemane i alle tre fagforeiningane, eller om kvar fagforeining skal røyste for seg, må avtalast lokalt på førehand. Der er det inga klar oppskrift på korleis det skal gjerast, i følgje Heimstad.
I Havila røysta eit fleirtal i alle organisasjonane mot ein liknande avtale som fleirtalet hos Olympic har sagt ja til.

Publisert: 15.02.2016 12:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53