Olympic Taurus innfelt stig remøy foto Olympic Subsea marius 11
MEIR ARBEID: Olympic-eigar Stig Remøy (innfelt) fortalde nyleg at reiarlaget var i ferd med å inngå kontraktar for store verdiar. Olympic Taurus er sikre arbeid store delar av året, ifølgje ei melding måndag. Foto: Olympic Subsea/Marius Rosbach
Nytt

Olympic-skip er sikra meir jobb

Skal mellom anna ut og jakte udetonerte eksplosivar.

Marius Rosbach
03.04.2023

Olympic Subsea-skipet Olympic Taurus er sikra nytt oppdrag på britisk sektor for James Fisher Subtech, ifølgje ei pressemelding måndag.

Oppdraget vil vare opp mot sju månader, opplyser finansdirektør Karl Eirik Frøysa Hansen i Herøy-reiarlaget til NETT NO.

Fleibruksskipet skal i jobb både for James Fisher Subtech, og systerselskapet James Fisher Renewables i løpet av sesongen.

Olympic Taurus blir mellom anna utstyrt med ein fjernstyrt farkost i samband med ein kampanje for å fjerne udetonerte eksplosivar. Etter denne delen av oppdraget er utført tidleg i mai, vil skipet bli nytta til ulike oppdrag både på britisk sektor og elles i Europa.

Skipet er allereie mobilisert for oppdraget frå skotske Montrose Port, ifølgje meldinga.

Olympic Taurus er det tredje skipet i ein serie bygd ved dåverande Kleven Verft. Det knappe 94 meter lange skipet med ei dekksareal på 1060 kvadratmeter, stod ferdig i 2012.

Olympic Subsea kunne nyleg melde om ei anna viktig kontrakt for Olympic Ares, som er leigd ut til Deepocean - i første omgang ut neste år.

Publisert: 03.04.2023 15:46

Sist oppdatert: 03.04.2023 20:31

Mer om