Viktig kontrakt for Olympic-skip
DeepOcean hentar inn Olympic Ares på langtidskontrakt. Fartøyet skal oppgradere DP-systemet.
Fosnavåg-baserte Olympic Subsea har sikra seg arbeid ut 2024 for fleirbruksskipet Olympic Ares. I tillegg kan kontrakten verte forlenga.
Dette skriv DeepOcean på si heimeside, som leiger inn skipet for å utføre arbeid både i offshore vind-marknaden og innanfor olje og gass.
Oppdraget startar i løpet av første kvartal i år.
DeepOcean viser til at Olympic Ares har ei 250 tonns offshorekran og vil vere utstyrt med to ROV-ar. I tillegg vil Olympic Ares oppgradere DP-systemet (dynamisk posisjonering, red merk) i løpet av 2023.
Rosar Olympic
DeepOcean-direktør Øyvind Mikaelsen viser til at selskapet har som mål å redusere CO2-utsleppa med 45 prosent innan 2030, og der utsleppskutt frå fartøy og under arbeid er ein nøkkel for å nå måla.
Han meiner at å samarbeide med ein skipseigar som Olympic Subsea, som har ei av dei mest moderne og fleksible subseaflåtene i verda, både reduserer kostnader og utslepp.
Deler strategi
Olympic-direktør Stig Remøy seier i ein kommentar at han er glad for å starte dette nye partnerskapet med DeepOcean, og for at dei to selskapa deler same strategi for framtida.
- Vi trur at å investere i innovativ teknologi og effektive operasjonar er avgjerande for framtida for offshoreindustrien, seier Remøy.
Olympic Ares vart overlevert frå Kleven i 2013. Skipet er 115,3 meter langt, 22 meter breidt og har eit dekksareal på 1.300 kvadratmeter. Det har innreiing for 102 personar.
Publisert: 24.03.2023 08:24
Sist oppdatert: 24.03.2023 08:27