Ombyggingskontrakt til Vard
Plattformforsyningsskip skal bli kabelleggar.
Plattformforsyningsskipet blei bygd for Volstad Shipping i 2008, seld til SD Standard Drilling i 2017 og seld vidare til Barbados-registrerte I.T. International Telecom Marine SRL i 2021.
No skal det tilbake til Vard Brattvåg og byggast om til eit kabeleggingsfartøy. Ombygginga skal vere ferdig i tredje kvartal i år, skriv Vard i ei pressemelding. Storleiken på kontrakten er ikkje opplyst.
Treng fleire folk
Vard fortalde tidlegare denne månaden at selskapet treng fleire folk etter eit kontraktsrush i fjor, som toppa seg med tre milliardkontraktar i løpet av ti dagar i desember 2023.
I år har Vard plussa på med ytterlegare to nybyggingskontraktar, i tillegg til ombyggingskontrakten som er offentleggjort måndag.
I den første versjonen av denne saka stod det at skipet blei bygd for Volstad Maritime. Det er feil og blei retta 6. februar klokka 07.50.
Publisert: 05.02.2024 09:28
Sist oppdatert: 06.02.2024 07:52