Windea Leibniz arrival Ulstein Verft photo Ulstein 2
OPPGRADERING: Når Ulstein Verft er ferdig har dette fartøyet fått fleire lugarar og kapasitet for større oppdrag. Foto: Ulstein Verft
Nytt

Ombyggingoppdrag til Ulstein

Gir arbeid til februar neste år.

01.11.2022

Det er det tyske reiarlaget Bernhard Schulte Offshore som er kunden, og skipet som skal endrast på - Windea Leibniz - vart levert frå Ulstein Verft i 2017.

Skipet er bygd for serviceoperasjonar på vindkraftanlegg til havs.

No skal talet på einmannlugarar utvidast frå 40 til 60 og fartøyet skal få ein justerbar pidestall for gangbrua.

Endringane gjer at fartøyet kan ta på seg oppdrag også i Østersjøen i tillegg til Nordsjøen. Med fleire lugarar - og dermed fleire folk - kan fartøyet også ta på seg konstruksjonsoppdrag.

Pressemeldinga frå Ulstein Verft seier ikkje nokjo om kva verftet får betalt for oppdraget.

Publisert: 01.11.2022 08:25

Sist oppdatert: 01.11.2022 08:26

Mer om