Kongsberg maritime anette bonnevie wollebæk foto marius rosbach åkp11
MELLOMBELS TILTAK: Anette Bonnevie Wollebæk var ein av fleire som blei overraska då den mellombelse arbeidsgivaravgift blei lagt fram i fjor. Foto: Marius Rosbach/ÅKP
Nytt

Omstridt arbeidsgivaravgift vidareførast

NHO-direktør skuffa, medan Kongsberg Maritime forstår at utfasinga skjer gradvis.

Regjeringa vidareførar ekstra arbeidsgivaravgift på høgtlønna, men aukar innslagspunktet.

I statsbudsjettet for 2024 blir det foreslått å auke innslagspunktet for den midlertidige avgifta dei innførte i fjor, frå 750.000 til 850.000 kroner. På fredag uttalte finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NRK i politisk kvarter at:

– Vi startar ei utfasing av arbeidsgivaravgifta som er høgare på inntekta.

– Burde vore redusert mykje meir
Innføringa av skatten kom som lyn frå klar himmel på næringslivet i fjor, og reaksjonane var skarpe.

Straffeskatt på høgt utdanna arbeidskraft, meinte Alfred Bjørlo (V) om avgiftsgrepet.

NHO-direktør Espen Remme i Møre og Romsdal er skuffa over at avgiftsauken ikkje blir fjerna fullstendig.

– Dette var ein dårleg start, og den burde vore redusert mykje meir. Vi ønsker at den blir fjerna heilt, seier Remme til NETT NO.

Han påpeiker at arbeidsplassane som blir råka, er spesielt viktig for omstillinga næringslivet skal gjennom.

– Det er ei avgift som blir betalt av bedriftene og det er en uheldig politikk for utvikling av næringslivet, legg han til.

Vil ikkje gi store utslag
Kommunikasjonsdirektør i Kongsberg Maritime, Anette Bonnevie Wollebæk, var ein av fleire i næringslivet som blei overraska i fjor då avgifta blei innført.

Regjeringa har sagt at den skal fasast ut, og ho synes det er bra at nedtrappinga no er i gong.

– Utfasinga er forsiktig, og det er forståeleg. Dette skal ha gitt kring sju milliarder ekstra for staten i ei dyrtid.

Talet ho viser til kjem frå regjeringa sine eigne utreikningar i 2022 om kor mykje avgifta ville bidra til.

For eit selskap som Kongsberg Maritime som har mange ingeniørar, seier ho at utfasing av avgifta er positiv.

– Så får vi rekne på detaljane, men nokon veldig store utslag vil det nok ikkje gi i 2024 for oss.

Ho trur at utfasinga kan gi positive utslag for små- og mellomstore bedrifter med høgkompetent og relativt dyr arbeidskraft, og at det kan hjelpe desse.

Publisert: 06.10.2023 10:41

Sist oppdatert: 06.10.2023 10:39

Mer om