Trygve slagsvold Vedum skjermfoto Stortinget no
STATDSBUDSJETT: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum legger fredag fram forslag til statsbudsjett for neste år. Skjermfoto: Stortinget.no
Nytt

Alt om statsbudsjettet

ABC om budsjettforslaget. Få oversikt her.

06.10.2023

(NPK-NTB): Nøkkeltala for neste års statbudsjett blei lagt fram klokka 8. Den gir ein oversikt over dei viktigaste makroøkonomiske tala som regjeringa legg til grunn for budsjettforslaget sitt.

Regjeringa plussar på oljepengebruken med 37,5 milliardar kroner, men held seg godt under handlingsregelen med 409,8 milliardar oljekroner.

Meir om årets budsjett i sakene under (blir oppdatert)

Sjølve budsjettforslaget blei lagt fram klokka 9. Basert på nøkkeltala blir det anslått å ha eit nokså nøytralt vekstbidrag til norsk økonomi.

Som del av oljefondet, utgjer oljepengebruken i år 2,7 prosent – godt under tilrådinga til handlingsregelen om å halde seg under 3 prosent.

– Regjeringa har klart å finne rom for nødvendige utgifter som følgjer av den ekstraordinære situasjonen vi no står i, innanfor ei samla ansvarleg ramme, skriv Finansdepartementet i pressemeldinga.

I budsjettforslaget for 2023 foreslo regjeringa å bruke 316,8 milliardar oljekroner. Dette vart auka med rundt 56 milliardar kroner, til 372,6 milliardar kroner, i revidert budsjett i mai i år.

Budsjettimpuls enkelt forklart
Veldig forenkla kan ein seie at inntektene til staten i hovudsak kjem frå skattar og avgifter og oljefondet.

På finansspråket blir bruken kalla av oljemilliardar for «strukturelt oljekorrigert underskot». Det betyr ganske enkelt at utgiftene i budsjettet overstig inntektene til staten (oljeutgifter og -inntekter er ikkje medrekna), og at staten dermed må hente x talet på milliardar frå oljefondet for å dekkje underskotet.

Når nøkkeltala er lagt fram, kjem det til å bli mykje snakk om budsjettimpulsen. Den blir rekna for å vere blant dei mest interessante nøkkeltala i budsjettet og gir eit bilete av om bruken av oljepengar bidreg til å gi meir gass eller bremse opp i økonomien.

Korleis det går for økonomien, kjem til syne i bruttonasjonalprodukt (BNP). Det er eit tal for samla verdiskaping i Noreg. Her skil ein gjerne mellom to storleikar: BNP i Fastlands-Noreg og BNP inkludert olje- og gassutvinning og utanriks sjøfart.

Budsjettimpulsen blir rekna ut ved å sjå kor stor del oljepengebruken utgjer av Fastlands-BNP, justert for konjunktursvingingar. Dersom budsjettimpulsen er negativ, betyr det at det blir brukt mindre oljepengar i forhold til BNP enn året før.

Fleire budsjettdokument
Klokka 9 blir dei fullstendige budsjettdokumenta lagde ut på Finansdepartementets nettsider. Her får ein ei oversikt over alle tema frå A til Å og ei fylkesvis oversikt over tiltaka i forslaget til statsbudsjett.

Les pressemeldingar frå regjeringa (ekstern lenke)

Samtidig haldar finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sin «finanstale» i Stortinget, der han gjer greie for prioriteringane til regjeringa.

Blant det som kan få mykje å seie for folk flest, er nivået på skattar og avgifter. Finansministeren har allereie varsla at det ikkje kjem store nye skatteendringar i 2024.

Proveny og effektar
Eit omgrep som blir mykje brukt i samband med statsbudsjettet, er «proveny». Det betyr ganske enkelt kor mykje pengar staten får inn gjennom grep i skatte- og avgiftspolitikken i forhold til kva det kostar.

Når eit tiltak har såkalla «negativ provenyeffekt», betyr det at staten taper inntekter. Dette skjer til dømes når ei avgift blir kutta ut.

I tillegg skil Finansdepartementet mellom «påløpte» og «bokførte» effektar av dei ulike tiltaka: Påløpte vil seie kor stor heilårseffekten vil bli for kvart år framover, medan bokført er kor stor effekten blir for neste års budsjett.

Eitt døme er kutta i barnehageprisane, som regjeringa allereie har varsla at kjem i statsbudsjettet for neste år. Sidan kutta først trer i kraft i august 2024, blir ho bokføre effekten i budsjettet på rundt 1,5 milliardar kroner. Den påløpte effekten, altså den årlege kostnaden, er anslått til litt over 3 milliardar kroner.

Prisvekst-bommert
I budsjettet til regjeringa for 2023, som vart lagt fram i fjor haust, bomma dei grovt i anslaget sitt for prisveksten.

Regjeringa la til grunn at prisane skulle stige med 2,8 prosent i år, men allereie kort tid etter framlegginga vart det klart at prisveksten kom til å bli mykje høgare.

Feilberekninga gjorde at regjeringa hadde sett av for lite pengar til ei rekkje offentlege verksemder, som merka den høge prisveksten. Dermed vart oljepengebruken og budsjetta auka kraftig i vår i revidert nasjonalbudsjett, som er ei oppdatering av statsbudsjettet.

Dei siste prognosane frå SSB inneber at årets prisvekst vil ende på 5,8 prosent, altså 3 prosentpoeng meir enn regjeringa anslo i fjor.

Har signalisert stramt budsjett
I fjor la både statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vekt på at dei måtte bruke mindre oljepengar enn før. Nettopp for å hindre for høg prisvekst, som igjen har bidrege til at Noregs Bank har sett opp styringsrenta.

I år har finansministeren signalisert at vi truleg har nådd toppen av prisveksten. Det kan i så fall gjere det mogleg for regjeringa å bruke meir oljepengar, noko mellom anna LO har teke til orde for.

Sjeføkonom Roger Bjørnstad i LO meiner norsk økonomi toler det. På den andre sida har Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn uttrykt uro for at oljepengebruken kan bli for høg, noko som kan bidra til å drive prisane og rentene ytterlegare opp.

Då regjeringa var samla i slutten av august for å spikre dei siste detaljane i budsjettet som no blir lagt fram, la Vedum vekt på at dei så fleire lyse teikn på at prisveksten er i ferd med å komme under kontroll.

Må forhandle med SV
Det er elles verd å minne om at dagens regjering er ei mindretalsregjering. Det betyr at budsjettforslaget dei legg fram, ikkje har fleirtal i Stortinget.

SV er den føretrekte budsjettpartnaren til regjeringa. Etter framlegginga ber det derfor inn i budsjettforhandlingar med SV.

Det vil bety fleire endringar i det forslaget som regjeringa har lagt fram.

Publisert: 06.10.2023 08:46

Sist oppdatert: 06.10.2023 15:21

Mer om