Alfred bjørlo foto privat 11
KRITISK TIL NYTT FORSLAG: Venstre-politikar Alfred Bjørlo er motstandar av regjeringa sitt forslag om ekstra arbeidsgivaravgift for høge lønningar. Foto: Privat
Nytt

– Straffeskatt på høgt utdanna arbeidskraft

Kongsberg mellom arbeidsgivarane som er uroa over forslag til høgare arbeidsgivaravgift.

Marius Rosbach
27.10.2022

Alfred Bjørlo (V) er ikkje imponert over forslaget frå regjeringa om å innføre ei ekstra arbeidsgjevaravgift for dei med høg utdaning – verken når det gjeld innhaldet – eller måten det er lagt fram på.

- Ingen andre land i verda har ein slik straffeskatt på høgt udanna arbeidskraft, seier Venstre-politikaren til NETT NO.

– Meir byråkrati og auka utgifter
I eit skriftleg spørsmål i Stortinget ville Bjørlo vite kor store ekstra kostnader forslaget ville påføre bedriftene og om regjeringa har vurdert konsekvensane.

– Dette er ei ordning som vil føre til meir byråkrati og auka utgifter for norske bedrifter, og det kjem til å få ringverknader regjeringa ikkje har teke på alvor, seier Bjørlo.

Venstre-politikaren har ikkje noko tru på at ekstraavgifta blir fjerna om den først er innført, og at ein må sjå det i samanheng med dei andre aukene på formuesskatt og utbyttesskatt, som óg vil belaste bedriftene.

Kongsberg var klare på at dette var alvorleg for deira kompetansemiljø på Sunnmøre
Alfred Bjørlo

Kongsberg uroa for miljøet på Sunnmøre
Kongsberg Gruppen er mellom dei som har vore til høyring på Stortinget og uttrykt si bekymring kring forslaget.

– Det rammar hardast dei eksportbedriftene som har mange med høg utdanning. Kongsberg var klare på at dette var alvorleg for deira kompetansemiljø på Sunnmøre, seier Bjørlo.

Han påpeiker at konsernet også er mellom dei som har verksemd fleire stader i verda – og som like gjerne kan bygge opp teknologimiljø andre plassar enn i Norge.

– Ei naudløysing
Forslaget som ligg på bordet inneberer at bedriftene skal betale ei ekstra arbeidsgjevaravgift på fem prosent for lønsinntekt over 750.000 kroner.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) kjem ikkje med noko anslag kring utgiftene for bedriftene i sitt svar til Bjørlo, men viser til at det er behov for å dekke ekstraordinære høge kostnader på neste års budsjett.

Samtidig svarer Vedum at det vil bli krevande å få på plass alle systema som trengs for å handtere rapportering og berekningar av ekstraavgifta.

– Det seier mykje om at det er ei naudløysing regjeringa har kome opp med for å skaffe åtte milliardar for å saldere budsjettet. Dette kom totalt uventa på alle og har ikkje vore godt utreda, kommenterer Bjørlo.

Publisert: 27.10.2022 15:43

Sist oppdatert: 27.10.2022 23:00

Mer om