Fredag kom årets mest omtalte forfattar, Martin Bech Holte, til Ålesund der han møtte næringsliv og studentar.
At ei bok om samfunnsøkonomi blir ein snakkis, tilhøyrar sjeldanheitene. «Landet som ble for rikt», har likevel treft ei nerve hos folk som ga utslag i oppmøtet. Salen var full både på Pir Cowork i sentrum og på Sunde-bygget ved NTNU.
Grovt sagt kan ein seie at boka sitt bodskap er at nordmenn er blitt ein gjeng med slappfiskar, og at oljerikdomen har mykje av skulda. Samtidig meiner han at ingen har betre moglegheiter enn Norge.
– Vi brukar friheita vi har, til å aksepterer svakheita i menneske sin natur, sa han til salen på frukostmøtet på Pir.

Medisinen som Bech Holte føreskriv, er kort fortalt kraftige kutt i offentleg pengebruk og skattelettar for å få opp nyskapinga i privat sektor.
Trur nasjonal dugnad vil tvinge seg fram
Sjølv om entusiasmen for bodskapen truleg er størst hos næringslivsleiarar, fortel forfattaren at han sett stor pris på møta med yngre folk.
– Eg merkar at dei unge blir mest inspirert når dei får høyre om desse tinga. Og det er veldig inspirerande for meg også, seier han til Nett No.
I generaliserande termar meiner Bech Holte at nordmenn er blitt meir glad i skippertak, enn til dømes våre naboar i Sverige, som jobbar meir målretta med prosentvise forbetringar.
Han ser føre seg at Norge vil hamne i ein situasjon der ein nasjonal dugnad vil tvinge seg fram.
– Eg prøvar å inspirere til den – og at den skal kome så raskt som mogleg, seier han.
– Eg opplever at det går opp eit lys for mange
Samtidig er det ein generasjon på veg inn i arbeidslivet - omtala som generasjon Z. Og som er skulda for å ha både dårleg arbeidsmoral og høgare forventingar enn tidlegare.
– Mange forstår ikkje kva som skal til for å bli skikkeleg gode i noko og dei har vekse opp i eit miljø utan ambisjonar, seier Bech Holte.
Då skulle ein kanskje tru at utsiktene til endring er dårlege. Men forfattaren er tvert om optimist.
– Eg har vore heldig og møtt mange i den generasjonen dei siste månadene. Eg opplever at det går opp eit lys for mange når eg snakkar om desse tinga. Det er nett som ein bryter blir slått på og dei forstår at det er mogleg å gjere ting annleis, seier han.

Meiner politikarane treng hjelp
Bech Holte påpeiker at dei som har vekse opp dei siste tiåra, har gjort det i det han omtalar som «dag 2-samfunnet»: Der politikarane har oljepengar – og folk veit det. Resultatet er blitt eit overforbruk av offentlege midlar som ikkje er berekraftig.
Han har sjølv uttalt politikarane er «sjakk matt» i eit «dag 2-samfunn». Men han har likevel trua på at det er mogleg å få til ein «nasjonal dugnad».
– Eg trur den unge generasjonen kjem til å kvikne til, men då må det også vere ei miljø og system med påskjønning i samfunnet som gjer at det skjer, seier han.
For å få til endringa, meiner han politikarane treng hjelp til å lage ei «appellerande pakke», som folk opplever gir meir enn den tar.
– Eg trur vi må klare å gjere tydeleg oppsida for befolkninga. Forteljinga om kva folk får igjen for å gjere dette, må bli sterkare enn dei som skrik fordi dei ikkje får like mykje som før, legg han til.
Eg trur vi må klare å gjere tydeleg oppsida for befolkninga

Er ikkje ferdig med temaet
På frukostmøtet på Pir var det ingen tvil om at bodskapen fall i god jord. Fleire peika på at det burde vore fleire politikarar i salen.
Men forfattaren har også hausta kritikk for boka. Fleire har peika på det dei meiner er feil bruk av tal og overdrivingar i historieframstillinga.
– Ein absurd diskusjon, sa han sjølv om kritikken – og la til: – Dette er fast fisk.
Den tidlegare Mckinsey-toppen og Aker-direktøren fortel at han skreiv boka til sine døtrer. Og han er ikkje ferdig med temaet.
– Eg jobbar ikkje med ei ny bok, men ser føre meg eit prosjekt. Det kan munne ut i ein rapport, men det kan også vere mykje anna innhald.
– Kanskje kunne vi verkeleg gått i detaljane på korleis vi kan «finne» dei første 100 milliardane som kan kome befolkninga til gode på smartast mogleg vis, seier han.
Publisert: 16.02.2025 05:00
Sist oppdatert: 15.02.2025 20:53