Tore Ulstein Evotec foto Marius 11
NYTT OG GAMALT: Tore Ulstein var mellom dei første til å teste Evotec sitt nye innovasjonsrom, som inneheld mellom anna ein gjenbrukt skipsstol frå Green Yard Kleven. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opna nyskapingsrom med gjenbruk frå Kleven

Tore Ulstein mellom dei første til å teste avansert utstyr hos Evotec. Men ikkje alt var nytt.

Marius Rosbach
29.04.2023

Evotec i Ulsteinvik er i desse dagar i ferd med å ta i bruk det dei omtalar som innovasjonsrommet på anlegget i Ulsteinvik.

Rommet er proppa med ulik teknologi, men også noko gammalt. Delar av rommet er bygd opp av brua til eit tidlegare offshoreskip, og stolen skal ha vore om bord på ankerhandteringsskipet Far Sovereign.

– Vi henta både brua og stolen på Green Yard Kleven, lakka dei opp og tok dei i bruk med vårt eige skjermsystem, fortel sals- og marknadssjef Torkjell Ringstad i Evotec til NETT NO.

Evotec green screen foto marius
GRØNN VEGG: Ved hjelp av skjermar og grøn farge på veggen kan dei lage prøffe presentasjonar og sendingar. Foto: Marius Rosbach

Avansert simulator for trening
Den resirkulerte skipsstolen kan nyttast av «føraren» av simulatoren – med tilhøyrande VR-briller – til eksempel til å øve på korleis ein køyrer vinsjar på bakdekket.

Tore Ulstein var mellom dei som torsdag fekk teste utstyret under ei omvising og demonstrasjon på bedrifta.

Ulstein Group-eigaren hadde prøvd seg i den virtuelle verda tidlegare, men måtte erkjenne at det ikkje var heilt problemfritt å få sett undervassfarkosten ut i vatnet ved hjelp av «spakane» han hadde som verktøy.

Tore Ulstein vr briller Evotec foto Marius 11
KLARTE OPPGÅVA: Tore Ulstein hadde forsøkt VR-briller før og klarte oppgåva med å få sett undervassfarkosten på vatnet. Foto: Marius Rosbach

Sendeutstyr og fjernstyrt overvaking
Innovasjonsrommet er utstyrt med ein «green screen», eller rettare sagt vegg. Ved hjelp av den kan ein person vere «live» inne i ein presentasjon eller sending.

– Det blir som å sende eit tv-program, seier Ringstad.

Mellom fasilitetane er også eit kontrollsenter for fjernstyrt overvaking av utstyr om bord på skipa.

– Derifrå kan vi gå inn og diagnostisere fartøyet, og vis det til eksempel er ein programvarefeil, så kan vi gå inn og fikse den, fortel han.

Evotec lars foto marius 11
ROV-UTSETTING: Slik ser det sokalla LARS-systemet (launch and recovery, journ. anm.) til Evotec ut. Det nyttast til å sette ut undervassfarkostar frå skip. Foto: Marius Rosbach

Meir fart i seismikk
Fiskeri og oppdrett har vorte større marknader for Evotec dei siste åra, etter nedturen i seismikk og offshore.

NETT NO fortalde fredag korleis det no er fart i seismikkmarknaden att, og at selskapet er i ferd med å avslutte dei første større seismikkordrane på lang tid.

Utstyret frå Evotec har óg fått fleire bruksområde dei siste åra. Dei avanserte undervassfarkostane som Evotec har spesialisert seg på å sette i vatnet, kan til eksempel nyttast i leiteoppdrag.

Evotec Torkjell Ringstad 11
NYE BRUKSOMRÅDE: Torkjell Ringstad fortalde mellom anna om løysinga som blei nytta til å finne det japanske fangeskipet Montevideo Maru. på over 4000 meter djup. Foto: Marius Rosbach

Auke i ulike undervassaktivitetar
Denne veka dukka Evotec-logoen opp på nyheitsskjermar over heile verda då det blei kjent at en ekspedisjon hadde funnet vraket av det japanske transportskipet Montevideo Maru.

Skipet som blei senka av amerikanarane i 1942 med 1054 krigsfangar om bord, vart funne på meir enn 4000 meters djup ved hjelp av ein avansert autonom undervassfarkost - AUV – laga av Kongsberg Maritime.

Ringstad påpeiker at auka bruk av denne teknologien innan geologiske undersøkingar og anna aktivitet under havoverflata, gjer at bedrifta får fleire bein å stå på.

Publisert: 29.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 28.04.2023 22:47

Mer om