Nina Pereira Kvadsheim ikuben foto Ogne
DOKTOGRAD PÅ SIRKULÆRØKONOMI: Nina Pereira Kvadsheim er berekraft- og sirkulærøkonomiansvarleg hos klyngeorganisasjone NCE iKuben. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Maritim sirkulærøkonomi løner seg

Doktorgradstudie er testa ut i praksis hos tre maritime bedrifter på Nordvestlandet.

20.04.2023

Nina Pereira Kvadsheim er berekraft- og sirkulærøkonomiansvarleg hos iKuben. Torsdag presenterte hun sin ferske doktogradstudie om sirkulærøkonomi i maritim industri på iKubenkonferansen. Blant bedriftene som var med i studien er Brunvoll-konsernet.

I studien berekna ho mellom anna om det ville løne seg for bedriftene å ta tilbake heile, eller deler av produkta selskapa produserer, og overhale dei - og selje dei på nytt i bruktmarknaden.

Studien konkluderer med at det ville vere lønsamt, og forsøk etterpå har langt på veg stadfesta at dei teoretiske berekningane Pereira Kvadsheim gjorde stemmer i praksis.

Gjeld heile industrien
Vurderingane i doktogradsstudien og erfaringane i praksis gjeld heile den maritime industrien etter Pereira Kvadsheim si vurdering.

Det ho har sett på er effekten av ein såkalla sirkulær forretningsmodell, der gjenbruk og/eller gjenvinning forlengjer levetida til material og utstyr, slik at behover for å utvinne nye naturressursar blir redusert.

Ein slik modell vil bedriftene i heile maritim bransje tene på, meiner ho.

- Det bra både for bedriftene og miljøet, seier ho.

Vil ta tid
Sjølv om ein sirkulær forretningsmodell er lønsam vil det ta tid å ta i bruk, meiner Pereira Kvadsheim.

Det kan blant anna handle om noko så enkelt som at bedriftene ikkje lenger har folk som kan det gamle utstyret som blir henta attende for overhaling, og må skaffe seg den kompetansen på nytt.

Det kan også handle om å ha tid til å organisere eit system for å hente attende, lagre og overhale gamalt utstyr. Undervegs skal også kundane overtydast om at gamalt utstyr kan vere eit alternativ til å kjøpe alt nytt.

Etterspør lønsemd
Eitt spørsmål Pereira Kvadsheim møter hos alle bedrifter når sirkulærøkonomi er tema er kva som er gevinsten for dei.

Det må løne seg, ellers er dei ikkje interessert. Bedriftene vil i tillegg vere relativt trygge på at dei kan tene pengar før dei vil satse på sirkluærøkonomi.

Sjølv om Pereira Kvadsheim er trygg på at sirkulærøkonomi i maritim industri vil vere lønsam, understrekar ho også at det må gjerast eigne berekningar og vurderingar av kvar einskild bedrift og kvart einskild produkt, for å kartlegge den rette forretningsmodellen og kva produkt som vil gi størst forteneste i ein sirkulær forretningsmodell.

Doktorgradsavhandlinga til Nina Pereira Kvadsheim heiter "Determining the Economic Viability of Circular Economy Business Models in Engineering-To-Order Context" . Den er førebels ikkje tilgjengleg på nett. Nina Pereira Kvadsheim er leiar for berekraft og sirkulær økonomi i klyngeorganisasjonen NCE iKuben.

Publisert: 20.04.2023 15:40

Sist oppdatert: 20.04.2023 21:43

Mer om