Første store seismikklevering på lang tid
Dei siste åra har Evotec vakse på fiskeri og oppdrett. No rører ein anna marknad på seg att.
Entec-bedrifta Evotec inviterte torsdag til omvising og demonstrasjon av ulike nyvinningar på anlegget i Ulsteinvik.
Mellom leveransane som var klare i produksjonshallen var eit handfast døme på at ein marknad som har vore i «dvale» i fleire år, no tek til å røre på seg att.
To større leveransar til internasjonale kundar i seismikk, som straks er klar til levering, var mellom utstyret som blei demonstrert.
– Leveransane inneheld LARS-system for ein ROV som skal nyttas til å sette ut seismikknoder, fortel sals- og marknadssjef Torkjell Ringstad i Evotec til NETT NO.
For ordens skuld: LARS står for «launch and recovery» og ROV står for «remotely operated vehicle».
Snudde seg mot fiskeri og oppdrett
Evotec måtte for nokre år sidan snu seg vekk frå seismikk, olje og gass - og inn mot fiskeri og oppdrett.
Det har vore ein vellukka operasjon og i fjor sommar kunne dei melde om historisk god ordreinngang. Mellom oppdraga er ein rekke leveransar på vinsjar og anna utstyr til fiskebåtar.
Men forutan leveransar til eit forskingsskip til Sør-Korea, har det i fleire år vore stans på større oppdrag på seismikk. Andre kommersielle kundar har ikkje vore på banen inntil leveransane som no er i sluttfasen.
Les også
– Aldri ein dag utan at eg gjer noko nytt
Seismikkleveransane inneheld mellom anna store spolar som skal på kvar si side av båten. I tillegg er store sokalla A-rammer – som nyttast til å få undervassfarkostar ned i vatnet.
Ylva Djupvik som snart er ferdig med læretida, er mellom dei tilsette som sett pris på arbeidet som følgjer med oppdraget.
Då Evotec inviterte kundar, presse og partnarar torsdag, var ho mellom dei som jobba med å klargjere seismikkutstyret.
– Det er ein kjekk jobb, og det går aldri ein dag utan at eg gjer noko nytt, fortel ho.
Håpar på fast jobb
I tillegg til variasjonen trivst 20-åringen med å vere med i prosessen med å utvikle utstyret. Når Djupvik er ferdig som lærling i industrimekanikerfaget, kryssar ho fingrane for at ho får fast jobb i bedrifta.
– Det er ein veldig fin arbeidsplass, og eg har søkt jobb, fortel ho.
Etter nokre år i arbeid, fristar det å forsøke seg på ingeniørutdanning.
– Det er iallfall planen, legg ho til.
Publisert: 28.04.2023 05:00
Sist oppdatert: 28.04.2023 06:30