Opnar nytt hotell i 2022
Sylte Hotell i Valldal stengte dørene på 60-talet. Neste sommar blir det hotell igjen.
Det er paret Mathilde Knutsen Uri og Ole Henrik Uri som står bak oppussinga av bygget. Det får 15 rom og skal drivast som eit hotell når det opnar neste sommar, seier Ole Henrik Uri.
Bygget vart kjøpt i 2018, og i tillegg til kjøpesummen anslår Uri at dei investerer tre-fire millionar kroner i å sette bygget i stand til å blir hotell igjen.
Les også
Camping og gjestegiveri
Paret driv både Volsdalen Camping i Ålesund, Sjøholt Camping på Sjøholt, i tillegg til Valldal Gjestgiveri i Valldal. Uri-familien eig og driv også Valldal Camping, der langtidsleigande campingvogngjestar er den viktigaste kundegruppe.
I 2020 gjekk inntektene litt ned både for Sjøholt Camping, Volsdalen Camping og Valldal Gjestgiveri. Både tidleg og seint i sesongen var det mindre trafikk enn vanleg, medan fellesferiesesongen i Noreg blei travlare enn før koronaepidemien kom, seier Uri.
Mins på oppussingskostnadar
Lønsemda for campingplassane steig trass nedgang i driftsinntektene, medan selskapet Valldal Gjestgivere hadde underskot både i fjor og året får, fordi kostnadane med å pusse opp Sylte Hotell tatt i det seskapet.
Hos Valldal Gjestegivere er det delvis sjølvbetening mellom ann med eie kjøkken for gjestane , og det blir ytterlegare sjølvbetent når Sylte Hotell opnar like ved kan ta seg av servicetilbodet som trengst.
Volsdalen Camping as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 4,6 | 5,1 |
Driftsresultat | 1,8 | 1,9 |
Resultat før skatt | 1,7 | 1,8 |
Sjøholt Camping as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 2,0 | 2,2 |
Driftsresultat | 0,9 | 0,9 |
Resultat før skatt | 0,8 | 0,7 |
Valldal Gjestegiveri as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 0,3 | 0,4 |
Driftsresultat | -0,8 | -0,7 |
Resultat før skatt | -0,8 | -0,7 |
Publisert: 04.06.2021 09:05
Sist oppdatert: 04.06.2021 09:11