Opp paa boersen
FORSVARSKONTRAKT: KV Svalbard i isen. Vard skal bygge tre nye kystvaktfartøy og i dag offentlegjorde Kongsberg Gruppen at selskapet skal levere utstyr for 280 millionar kroner til skipa.
Nytt

Opp på børsen

Kongsberg Gruppen er blant børsvinnarane etter at selskapet la fram tal for første halvår.

28.08.2019
Sjølve drifta av den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce, som Kongsberg tok over 1. april i år, går no i pluss.

Den meldinga var med på å sende aksjekursen oppover straks Oslo Børs opna for handel i formiddag.
Ved børsslutt i går, tysdag 28. august, var aksjekursen 105,70 kroner. Like etter børsopning i dag var kursen oppe i 117,70 kroner. Klokka 15:26 var kursen 115,60, ein auke på 9,37 prosent.

Vard-oppdrag

Kongsberg-sjef Geir Håøy offentlegjorde i dag også ei kontrakt på 280 millionar kroner for levering av utstyr til kystvaktskipa som Vard byggjer.

Kontrakten er inngått tidlegare, men Kongsberg har ikkje fått lov å offentlegjere den før. Mesteparten av utstyret skal leverast frå Noreg.
Kongsbergbedrifta Bergen Engines skal levere motorar, Kongsbergavdelinga i Brattvåg skal levere styrmaskiner og anlegget i Ulstein framdriftsutstyr.

Publisert: 28.08.2019 15:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38