Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
FLORIDA: Oppdrettsanlegget til Atlantic Sapphire i Miami er designa i samarbeid med danske Billund Aquaculture.
Nytt

Lakseoppdrettarar stuper på børs

Eit «tapt kvartal» i USA melde Atlantic Sapphire. Torsdag går det nedover på børsen.

Marius Rosbach
15.04.2021

Aksjekursen til Atlantic Sapphire går kraftig ned torsdag etter at selskapet oppdaterte marknaden og sende ut førebels årsrapport i ei børsmelding.

Ved 13-tida var aksjeverdien for oppdrettsselskapet på Oslo børs gått ned kring 13 prosent.

Selskapet har adresse i Vestnes og blir leia av Johan E. Andreassen. Dei satsar på oppdrett av laks i USA og Danmark.

Eit «tapt kvartal»
I oppdateringa viser dei til feilen som oppstod ved anlegget deira i Miami i mars, og omtalar den siste perioden som eit «tapt kvartal» i USA. Selskapet slakta 421 tonn i USA og 300 tonn i Danmark i første kvartal.

Samtidig viser årsrapporten viser eit underskot før skat på 55,1 millionar dollar – kring 460 millionar kroner. Året før enda resultatet med eit minus på drygt 13 millionar dollar.

Analytiker Nils Olav Furre Thommesen i Fearnley Securities meiner oppdateringa frå selskapet var skuffande, og at det tyder på at læringskurven vil vere lengre enn venta, skriv Finansavisen, som viser til TDN Direkt.

Kring 500 tonn fisk døydde
Feilen som ble oppdaga 24. mars dreia seg om ein svakheit ved designen på det landbaserte oppdrettsanlegget. Resultatet blei til tap av kring 500 tonn laks.

Atlantic Sapphire sitt anlegg ved Miami er eit sokalla RAS-anlegg, der ein resirkulerer vatnet. Fordelen er at ein nyttar lite vatn – men det er meir komplekst å drifte, enn ved anlegg der ein får tilført nytt vatn.

Mellom utfordringane er å ha rett bakteriekultur som skal hindre at det oppstår hydrogensulfidgass, som er dødeleg for fisken.

Publisert: 15.04.2021 13:21

Sist oppdatert: 15.04.2021 13:33