Mørenot sjef Arne birkeland H M Kronprins Haakon på Aqua Nor 2019 Mørenot FSN Capital foto Ogne
UT ÅRET: Konsernsjef Arne Birkeland i Mørenot møtte Kronprins Haakon under Aqua Nor-messa i Trondheim 2019. Birkeland skal arbeide som Mørenot-sjef ut 2023.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppdrettsmell for Mørenot

Tøff konkurranse, seier Mørenotsjefen.

20.06.2023

Mørenot-konsernet si satsing på den norske oppdrettsmarknaden, gjennom datterselskapet Mørenot Aquaculture, har gått i minus kvart år sidan 2015.

Resultatet før skatt på minus 73,2 millionar kroner er det hittil største underskotet så langt.

- Det underskotet som vises er eit resultat av ein tøff marknad, seier konsernsjef Arne Birkeland i Mørenot.

Mørenot Acuaculture lagar nøter og tauverk for norske oppdrettselskap.

Lønsamt fiskeri
Mørenot Fishery levere garn, nøter, tauverk og liner til norske fiskeriselskap.

Der har det vore plussresutalt i heile tidsperioden datbasen proff femner om, og selskapet hadde rekordlønsemd i fjor.

Kjøpt av Hampidjan
Aksjemajoriteten i Mørenot-konsernet vart kjøpt av eit fond under det skandinaviske investeringselskapet FSN Capital i 2018.

I fjor haust kjøpte det børsnoterte islandske selskapet Hampidjan Mørenot. Mørenot-konsernet har 750 tilsette og hovudkontor i Ålesund. 290 tilsette arbeider i Noreg og 142 av dei i Møre og Romsdal eller Sogn og Fjordane.

Konsernrekneskapen til Mørenot er ikkje offentleg tilgjengeleg enno.

Mørenot Aquaculture as

Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt478,2532,3
Driftsresultat-58,5-13,8
Resultat før skatt-73,2-28,6
Mørenot Fishery as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt567,9486,0
Driftsresultat60,126,3

Resultat før skatt

60,622,2

Publisert: 20.06.2023 14:31

Sist oppdatert: 20.06.2023 14:33

Mer om