Hampidjan ute av Moerenot kjoep 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
KONSOLIDERING: Produsentane av garn, nøter, liner, tauverk, teiner og liknande utstyr til fiskeri, oppdrett og offshorenæringa har i fleire år vore i ein prosess der dei blir færre og større. Biletet er frå eitt av Mørenot sine anlegg, som no blir ein del av Hampidjan-konsernet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Tre gangar større enn konkurrenten

Hampidjan-Mørenot-konsernet får 2000 tilsette. Konkurrenten Selstad i Måløy sin vekststrategi ligg framleis klar.

18.11.2022

- Vi ønskjer Hampidjan lukke til med satsinga, seier konsernsjef Hans Petter Selstad i Selstad-konsernet etter at islandske Hampidjan kjøper Mørenot.

I staden for å søkje saman med andre har Selstadkonsernet vald å vekse på eiga hand - med hovudkontor i Måløy. Den strategien gjeld framleis.

- Vi har ein vekststrategi, seier Selstad.

Eit samanslått Hampidjan/Mørenot vil ha omlag tre milliardar kroner i driftsinntekter og 2000 tilsette.

Selsstad-konsernet ligg an til å nå 1,1 milliardar kroner i driftsinntekter og sysselset omlag 400 årsverk.

Synergieffektar
I børsmeldinga i samband med kjøpet av Mørenot skriv Hampidjan at oppkjøpet vil gi synergieffektar - som betyr gevinstar ved å slå selskapa saman som dei ikkje kan oppnå kvar for seg.

Kor store synergieffektane kan vere er ikkje talfesta, men i følgje børsmeldinga kan dei hentast ut på fleire felt; større produktspekter, optimalisering av produksjonen, integrering og ein sterkare posisjon i selskapa sine kjernemarknader.

Børsmeldinga nemner spesielt Mørenot sin fabrikk i Dalian i Kina - som produserer liner og utstyr for linefiske, store teiner og tauverk - og Hampidjan sin fabrikk i Litauen, som mellom anna lagar varer Mørenot i dag kjøper frå andre leverandørar.

Inntektene vaks meir enn verdien

Hampidjan var med i konkurransen om å kjøpe Mørenot i 2017/2018, men trekte seg frå handelen. I høve til driftsinntektene betaler Hampidjan mindre for Mørenot enn Mørenot vart seld for i 2018.

Då fond under investeringselskapet FSN Capital blei majoritetseigar i 2018 hadde Mørenot-konsernet 869 millionar kroner i driftsinntekt.

I fjor var driftsinntektene auka til 1,3 milliardar kroner, ein auke på 50 prosent.

I 2018 skreiv både Dagens Næringsliv og NETT NO at prisen då var omlag 900 millionar kroner.

No er den 1,1 milliardar, ifølgje børsmeldinga frå Hampidjan. Det er ein auke på i overkant av 20 prosent. I begge tilfelle er det snakk om verdi på selskapet medrekna gjelda.

Å gå på børs med eit Mørenot som var blitt dobbelt så stort og den største utstyrsleverandøren internasjonalt var det FSN Capital-partnar Ulrik Smith og investorkollegaene i FSN Capital så på som den optimale utgangen på investeringa i Mørenot, sa Smith til NETT NO i oktober 2020. Smith er styreleiar i Holding Cage I, som er konsernselskapet i Mørenot-konsernet.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med Smith.

Publisert: 18.11.2022 11:51

Sist oppdatert: 19.11.2022 18:06

Mer om