Nytt
Oppkjøpskostnadar dreg ned
I løpet av 2020 er hovedtyngda av kostnadene med å kjøpe, omorganisere og utvide Mørenot-konsernet tatt. I fjor blei det minus.
06.10.2020
Etter at eit investeringsfond i FSN Capital kjøpte Mørenot i 2018 har konsernet slått saman datterselskap og kjøpte i fjor to norske og eitt dansk selskap. D
Kostnadane med oppkjøp og omorganiseringar gav underskot i år, men hovedtyngda av desse kostnadane vil vere tatt når 2020 er omme, i følgje konsernsjef Arne Birkeland.
Han vil ikkje kommentere tal, men seier om 2020 at: - Det ser greit ut. Vi har ikkje hatt store utfordringar knytt til salet og marknaden har vore omlag som forventa.
"Resultatet for 2019 er i betydelig grad påvirket av økte avskrivningskostnader knyttet til goodwill, immatrielle eiendeler og andre medverdier, som har oppstått i forbindelse med oppkjøpet fra Holding Cage as i 2018 og oppkjøp av tre selskap i 2019. I tillegg har selskapet gjennomgått betydelige strukturelle endringer og gjort investeringer i strukturkapital som har hatt påvirkning på det kortsiktige kostnadsbildet i 2019," skriv styret i årsmeldinga for 2019.
Sjå resultattabell til høgre på sida. På mobil finn du tabellen nederst på sida. Tala for 2018 gjeld frå 26. april 2014, då FSN Capital-fondet tok over.
Driftsresultatet før avskrivingar blei 63 millionar.
Utstyret til oppdrett (56 prosent andel av driftsinntektene) og fiskeri (41 prosent) har blitt klart viktigast, på grunn av vekst og oppkjøp og fordi oljemarknaden har krympa.
Vidare vekst i fiskeri vil først og fremst kome i eksportmarknadane, trur selskapet, medan ein generell vekst innan oppdrett løftar etterspørselen i alle markandar.
Målet var å doble Mørenot på fem år. Det betyr eit selskap som skal passer to milliardar kroner i driftsinntekter med god margin.
Mørenot har hovudkontor i Ålesund og lagar garn og nøter til fiske- og oppdrett, og har produkt som er retta mot oljebransjen. I fjor sysselsette konsernet 672 årsverk.
Kostnadane med oppkjøp og omorganiseringar gav underskot i år, men hovedtyngda av desse kostnadane vil vere tatt når 2020 er omme, i følgje konsernsjef Arne Birkeland.
Han vil ikkje kommentere tal, men seier om 2020 at: - Det ser greit ut. Vi har ikkje hatt store utfordringar knytt til salet og marknaden har vore omlag som forventa.
Minusresultat
I 2019 blei det underskot for Holding Cage, som er morselskap i Mørenot-konsernet."Resultatet for 2019 er i betydelig grad påvirket av økte avskrivningskostnader knyttet til goodwill, immatrielle eiendeler og andre medverdier, som har oppstått i forbindelse med oppkjøpet fra Holding Cage as i 2018 og oppkjøp av tre selskap i 2019. I tillegg har selskapet gjennomgått betydelige strukturelle endringer og gjort investeringer i strukturkapital som har hatt påvirkning på det kortsiktige kostnadsbildet i 2019," skriv styret i årsmeldinga for 2019.
Sjå resultattabell til høgre på sida. På mobil finn du tabellen nederst på sida. Tala for 2018 gjeld frå 26. april 2014, då FSN Capital-fondet tok over.
Driftsresultatet før avskrivingar blei 63 millionar.
Lite olje
I 2015 utgjorde sal til oljemarknaden, spesielt til seismikk, omlag 15 prosent av driftsinntektene til Mørenot-konsernet. I fjor utgjorde andelen i overkant av tre prosent.Utstyret til oppdrett (56 prosent andel av driftsinntektene) og fiskeri (41 prosent) har blitt klart viktigast, på grunn av vekst og oppkjøp og fordi oljemarknaden har krympa.
Vidare vekst i fiskeri vil først og fremst kome i eksportmarknadane, trur selskapet, medan ein generell vekst innan oppdrett løftar etterspørselen i alle markandar.
Børsnotering
- Vi har ein draum om å børsnotere dette selskapet, sa partnar Ulrik Smith i FSN Capital etter Mørenot-kjøpet i 2018.Målet var å doble Mørenot på fem år. Det betyr eit selskap som skal passer to milliardar kroner i driftsinntekter med god margin.
Mørenot har hovudkontor i Ålesund og lagar garn og nøter til fiske- og oppdrett, og har produkt som er retta mot oljebransjen. I fjor sysselsette konsernet 672 årsverk.
Publisert: 06.10.2020 12:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03