Salmon Evolution First smolt release March22 06
INDRE HARØY: Salmon Evolution vil finne ut kvifor fleire fisk døyr i nokre grupper ved det landbaserte oppdrettsanlegget. Foto: Salmon Evolution
Nytt

Opplever auka dødelegheit hos laksen

Salmon Evolution mistenker gjellesjukdom påført utanfrå.

Marius Rosbach
29.04.2023

Salmon Evolution opplever auka dødelegheit hos delar av laksen ved det landbaserte oppdrettsanlegget på Indre Harøy.

Det går fram i ei oppdatering frå selskapet laurdag.

Hos delar av fisken opplever dei ei dødelegheit på 0,3 til 7,9 prosent. Årsaka er ein form for gjellesjukdom som dei mistenker er påført utanfrå.

Selskapet vil undersøke saka nærare for å finne årsaka, og ta grep for å hindre at det skjer igjen blir det opplyst i meldinga.

Til no har oppdrettet av den første fisken i anlegget til Salmon Evolution gått bra, og kvaliteten på det første kullet var god – med låg dødelegheit.

Då selskapet melde status for drifta tidlegare i april var dødelegheita for kull nummer to på kring 2,2 prosent.


No er kull nummer to, tre og fire er i anlegget i dag. Selskapet har planlagt å slakte andre kull i mai, eller seinast tidleg i juni.

  • Kull nummer to utgjer ei biomasse på 800 tonn og har no ei snittvekt på fire kilo.
  • Kull nummer tre er delt i to grupper. Den eine av desse gruppene har auka dødelegheit. Snittvekta er på 1,6 kilo.
  • Kull nummer fire er delt i to grupper og har låg dødelegheit i snitt – men den minste fisken har auka dødelegheit.
  • Kull nummer fem utviklar seg normalt og har låg dødelegheit.
Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Publisert: 29.04.2023 19:57

Sist oppdatert: 29.04.2023 19:59

Mer om