Nytt
Oppmodar om å bruke lokale bedrifter
Lokal bank merkar bekymring i delar av næringslivet ved inngangen til dei store handlemånadene. Sjekk kva som går opp og ned i detaljhandelen.
Marius Rosbach
12.11.2020
Etter at smittetala har gått opp og koronatiltaka har blitt strengare, merkar delar av næringslivet igjen at folk er meir skeptisk til å bevege seg ut.
Banksjef for næringsliv, Sigrun Heltne Vartdal, i Sparebank 1 Søre Sunnmøre fortel at det er uro hos nokre bedrifter over utviklinga. Torsdag gjekk dei ut med ei oppmoding om at folk nytta det lokale næringslivet for å sikre at flest mogleg bedrifter overlever.
– Vi meiner det er viktig å påpeike at vi framleis må støtte dei lokale bedriftene i denne perioden. Vi ser at det er bekymring blant dei som har verksemd som er avhengige av å få kundane inn til seg, fortel Heltne Vartdal til NETT NO.
– Vi har også snakka med nokre innan handel som er veldig spente på tida som kjem. Dei neste månadene er vanlegvis tider der mange handlar mykje, ikkje minst til jul. Butikkane ser på netthandel som ein sterk konkurrent, og vi håpar folk er bevisst på korleis dei handterer det i eigne innkjøp, seier banksjefen.
Å vere litt kreativ kan vere ei løysing. Sjølv hadde familien til banksjefen planlagt å feire ein bursdag torsdag. Då det var uaktuelt å ha tradisjonelt selskap, har dei valt å gå ut for å spise middag.
– Også i banken tenker vi slik, og har funne måtar å bruke ulike leverandørar på, utan at vi har store arrangement, legg ho til.
Den suverene vinnaren er Vinmonopolet, og auken på vin- og brennevinssal har ei auke på 24,5 prosent i år. Like bak kjem blomsterbutikkar med ei auke på 24,2 prosent.
Byggevare, daglegvare og møbel er andre vinnarar i handelen, medan sko, kosmetikk og klede når ned. Nedgangen for handelen i slike butikkar er på høvesvis 19, 12 og 9 prosent så langt i år.
Banksjef for næringsliv, Sigrun Heltne Vartdal, i Sparebank 1 Søre Sunnmøre fortel at det er uro hos nokre bedrifter over utviklinga. Torsdag gjekk dei ut med ei oppmoding om at folk nytta det lokale næringslivet for å sikre at flest mogleg bedrifter overlever.
– Vi meiner det er viktig å påpeike at vi framleis må støtte dei lokale bedriftene i denne perioden. Vi ser at det er bekymring blant dei som har verksemd som er avhengige av å få kundane inn til seg, fortel Heltne Vartdal til NETT NO.
– Håpar folk er bevisst
Spesielt er det restaurantar og hotell som gir tilbakemeldingar om at det blir færre folk. Desse bransjane har fått restriksjonar i høve skjenking og nokre i høve opningstider.– Vi har også snakka med nokre innan handel som er veldig spente på tida som kjem. Dei neste månadene er vanlegvis tider der mange handlar mykje, ikkje minst til jul. Butikkane ser på netthandel som ein sterk konkurrent, og vi håpar folk er bevisst på korleis dei handterer det i eigne innkjøp, seier banksjefen.
Å vere litt kreativ kan vere ei løysing. Sjølv hadde familien til banksjefen planlagt å feire ein bursdag torsdag. Då det var uaktuelt å ha tradisjonelt selskap, har dei valt å gå ut for å spise middag.
– Også i banken tenker vi slik, og har funne måtar å bruke ulike leverandørar på, utan at vi har store arrangement, legg ho til.
Store variasjonar i handelen
Tall frå SSB viser at nokre bransjar no opplever sitt verste år, medan andre har «all time high». Netthandel generelt har ei veldig auke med 31 prosent vekst så langt i år.Den suverene vinnaren er Vinmonopolet, og auken på vin- og brennevinssal har ei auke på 24,5 prosent i år. Like bak kjem blomsterbutikkar med ei auke på 24,2 prosent.
Byggevare, daglegvare og møbel er andre vinnarar i handelen, medan sko, kosmetikk og klede når ned. Nedgangen for handelen i slike butikkar er på høvesvis 19, 12 og 9 prosent så langt i år.
Les også:
Omsetning detaljhandel per utgangen av september:
- Bransje/kanal - hittil i år:
- Netthandel i norske nettbutikker 31,3 %
- Vin og brennevin 24,5 %
- Blomster & planter 24,2 %
- Byggevare 19,1 %
- Bredt vareutvalg 17,7 %
- Elektronikk 15,8 %
- Dagligvare 15,4 %
- Møbel 13,2 %
- Detaljhandel ekskl salg av biler og bensin 12,4 %
- Sport 10,2 %
- Apotek 9,5 %
- Tekstiler og utstyrsvarer 7,4 %
- Kjøpesentre 3,7 %
- IKT-utstyr i spesialforretninger 3,4 %
- Bøker -0,1 %
- Ur, gull- og sølvvarer -7,5 %
- Bensinstasjoner -8,9 %
- Klær -9,4 %
- Kosmetikk -12,2 %
- Sko -19,5 %
Vi ser at det er bekymring blant dei som har verksemd som er avhengige av å få kundane inn til seg
Publisert: 12.11.2020 16:02
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:26