I 2022 nådde skipsdesignselskapet Skipskompetanse i Måløy rekordhøge 46,8 millionar kroner i inntekt og eit overskot på 5,6 millionar kroner. Året etter vart inntektene meir enn halvert og selskapet gjekk med underskot (sjå tabell). Etter ein svak start på 2024 tok marknaden seg opp frå sommaren av og sikre vekst og plussresultat.
Dagleg leiar og eigar Per Jørgen Silden seier seg godt nøgd med 2024-resultatet, men seier at målet er enda større aktivitet.
2025 starta omlag som 2024 slutta, men frå påske har aktiviteten i marknaden dabba litt av. Håpet er å lande nye kontraktar framover.
– Vi har mange prosjekt under skapelse, seier Silden.
Skattesmell
Skipskompetanse er spesialistar på båtar til oppdrettsnæringa og fiskeri.
Då den dåverande Ap/Sp-regjeringa i september 2022 varsla at den ville innføre ein ekstra skatt på oppdrett i sjø - såkalla grunnrenteskatt - hadde Skipskompetanse ei rekkje moglege oppdrag for oppdrettsnæring som selskapet arbeidde med å sikre seg.
Skatten, og uvissa om korleis den ville bli og slå ut gjorde at oppdrettselskapa sette investeringar på vent, som slå hardt ut for Skipskompetanse i 2023.
– Det stoppa alt vi jobba med, seier Silden.
Uvisse i fiskeri
Politisk uvisse om kvotemeldinga (som blei vedtatt i fjor) bremsa og investeringsviljen hos fiskebåtreiarane i 2023. Deretter har nedgangen i torskekvotane og auka byggekostnadar bidratt til å dempe investeringsviljen, ifølgje Silden.
I 2024 sysselsette Skipskompetanse 18 årsverk, fordelt på hovudkontoret i Måløy og kontora i Ulsteinvik og Ålesund.
Les om korleis det gjekk med skipsdesignarane i 2023 i lenka under.
| Skipskompetanse as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 29,0 | 17,5 |
| Driftsresultat | 4,5 | -2,5 |
| Resultat før skatt | 3,6 | -1,6 |
Publisert: 13.06.2025 10:39
Sist oppdatert: 13.06.2025 10:39






