Skipsteknisk dap Antarctic ST 125 foto skipsteknisk
TØFFARE FOR DESIGNARANE: Årets bransjeoversikt for skipsdesignbransjen viser lågare inntekter og mindre overskot. Her frå ein dåp for eit Skipsteknisk-skip i sommar, ein trålar til eit reiarlag frå Shetland. Foto: Skipsteknisk
Nytt

Overskotet skrumpar inn for skipsdesignarane

Skipsteknisk merkar marginpresset, men kryssar fingrane for at dei landar fleire nybygg i haust.

Marius Rosbach
10.08.2024
Nett No-barometeret:

Omsetninga til skipsdesignarane haldt fram med gå nedover i løpet av fjoråret. Også overskotet skrumpa kraftig inn for bransjen.

Det viser årets Nett No-barometer for skipsdesignselskap frå heile landet. Tabellen under omfattar 14 selskap, der eit fleirtal held til på Nordvestlandet.

Sjå resultatoversikt under artikkelen

Skipsteknisk-sjef Hans Ove Holmøy kjenner seg att i utvikling for sitt eige selskap. Etter to år med rekordhøge inntekter, peika pilane også ned for Ålesund-selskapet i fjor (sjå tabell under).

Samtidig vart lønnsemda redusert betydeleg.

– Det er ei utvikling der vi ser at det blir ein kamp om å halde marginane oppe. Og vi må ha marginar for å betale for utviklingskostnader, fortel Holmøy til Nett No.

Hans Ove Holmoy Skipsteknisk
VANDE MED AT DET SVINGAR: – Vi er i første rekke opptekne av å halde på posisjonen innan fiskeri, offshore og forsking, seier Skipsteknisk-sjef Hans Ove Holmøy, men påpeiker at dei er vande med at det svingar i dei ulike marknadene. Foto: Ogne Øyehaug

Venta dupp for fiskerimarknaden
Trass i redusert overskot i 2023, er Skipsteknisk mellom nokre få selskap i bransjeoversikta som kan skilte med ein resultatmargin på over ti prosent.

Holmøy påpeiker at dei er vande med svingingar og at dei hadde venta ein dupp, etter fleire gode år. Fiskerimarknaden har vore viktig for designselskapet i ei periode på 10-12 år.

Usikkerheit kring kvotemelding, nedgang i kvoter – samtidig som kostnadene ved å bygge nye fartøy går opp – bidreg no til brems i marknaden.

– Vi ser det same i andre områder av verda, som Grønland, Canada og New Zealand. Marginane blir redusert hos fiskeriselskapa, seier Holmøy.

Meir aktivitet i olje og vindkraft
Medan ein marknad er på veg ned, tyder mykje på at ein annan er på veg opp.

Interessa for å bygge tradisjonelle offshoreskip har vore tilnærma null i ei årrekke, men no er det ny aktivitet. I tillegg er den utvida til å omfatte vindkraftindustrien til havs, den sokalla fornybarmarknaden.

Skipsteknisk har allereie sikra seg design på eit skip Rem Offshore skal bygge ved Myklebust Verft. Skipet blir skreddarsydd for å ta oppdrag i både vindkraft- og oljeindustrien.

– Vi har fleire liknande prosjekt på gong i desse segmenta, som vi trur kan bli realisert i løpet av hausten, seier Holmøy.

Rem illustrasjon bygg Myklebust
OPPDRAG: Skipsteknisk har teikna det nye det nye offshorefartøyet Myklebust Verft skal levere til Rem Offshore. Illustrasjon: Rem Offshore/Myklebust Verft/Skipsteknisk.

Kabelskip og militære fartøy
I tillegg til fleire fiskeridesign sikra Ålesund-selskapet i fjor designjobben på sitt andre store kabelskip til Nexans, som Ulstein Verft skal bygge.

Skipsteknisk-sjefen fortel at dei også følgjer nøye med på kva som rører seg når det gjeld bygging av nye militære skip og forskingsskip – som designselskapet tidlegare har leverte fleire av.

–Når det gjeld forsvarsskip, er det gjerne litt avhengig av kva modell som blir valt, men om det er mykje som skal leverast på kort tid, så kan det ofte involvere fleire, legg han til.

Redusert omsetning for bransjen
Resultatoversikten under saka viser at inntektene til bransjen i fjor blei redusert med knappe 135 millionar, til like under 920 millionar kroner.

Det svarar til ein nedgang på 15 prosent.

Tala betyr at trenden med fallande inntekter held fram for bransjen. I 2021 var dei samla inntektene på kring 1,5 milliardar, før dei falt til like over milliarden i 2022.

Les om 2022-resultata for bransjen: «Vesentleg tristare» etter to gode år

Overskota kraftig redusert
Både 2021 og 2022 var prega av god lønnsemd for skipsdesignarane samla, og sistnemnte blei omtala som eit «jubelår» i Nett No sin bransjeoversikt.

Det same kan ikkje seiast om 2023-resultata. Det samla overskotet før skatt, sank frå knappe 218 millionar i 2022, til drygt 65 millionar i fjor.

Det førte til at resultatmarginen for bransjen sank frå solide 20 prosent, til drygt sju prosent.

Årets resultatoversikt viser også at fem selskap gjekk med underskot – mot tre året før.

Opptur for nokre
Oversikta viser også at fleire selskap forbetra resultatet i fjor. Hav Design er i særklasse med ei stor auke både i inntekter og overskot. I år fekk selskapet stadfesta oppdraget med å designe dei nye autonome ferjene som Fjord 1 skal sette inn på Sognefjorden.

Marin Teknikk fekk også ein opptur i fjor. Herøy-selskapet snudde eit stort underskot til eit lite pluss - og auka samtidig inntektene kraftig.

Resultatoversikt skipsdesignselskap:

Tal i mill. kroner
DriftsinntektRes. f. skattDriftsinntektRes. f. skatt
Selskap2023202320222022
Hav Design245,952,3145,215,2
Salt Ship Design131,47,1309,4180,3
Skipsteknisk130,915,2162,826,5
Ulstein Design & Solutions118,7-3,91477,5
Vard Design59,91,847,51
NSK Ship Design51,3-5,278,89,5
Marin Teknikk50,10,228,8-19,4
Breeze Ship Design33,1-331,63,1
Multi Maritime29,8-5,928,4-11,8
Sirius Design & Integration23,31,96,7-5,9
Skipskompetanse17,5-1,546,85,6
Solstrand Trading12,468,34,5
Tomra Engineering7,50,381,6
Seacon70,44,30,1
Sum918,865,71053,6217,8

Publisert: 10.08.2024 05:00

Sist oppdatert: 16.08.2024 03:05

Mer om