Silje Lee Knutsen foto Ogne Coop 1
GEITEMJØLK: Storfjord Iskrem-sjef Silje Lee Knutsen (innfelt) brukar geitemjølk i iskremen sin. Produksjonen er i Stordal og dei to siste åra har eit datterselskap drive iskrembutikk/kafe i Ålesund sentrum. Foto: Ogne Øyehaug/Coop
Nytt

Oppsving for iskrembutikk

Silje Lee Knutsen si butikksatsing har gitt vekst.

07.04.2026

Silje Lee Knutsen er grunnleggar og største eigar i iskremprodusenten Storfjord Iskrem i Stordal. I 2023 var datterselskapet Storfjord Iskrem Concept skipa, og opna eigen iskrembutikk/kafe i Ålesund sentrum.

2025 var andre heile driftsår for Storfjord Iskrem Concept, som auka inntektene frå 1,3 millionar kroner i 2024 til 2,1 millionar kroner i fjor. Begge åra har gitt eit lite overskot (sjå tabell under). 

2025-tala for Storfjord Iskrem er ikkje offentlege enno. I 2024 hadde selskapet 1,4 millionar kroner i driftsinntekt og eit resultat før skatt på  minus 1,9 millionar kroner.

Storfjord Iskrem Concept AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt2,11,3
Driftsresultat0,10,1
Resultat før skatt0,10,1

Publisert: 07.04.2026 09:00

Sist oppdatert: 07.04.2026 08:59

Mer om