Oppsving for Salthammer
Snudde minus til pluss etter kraftig vekst.
Frå knappe 60 millionar i driftsinntekter i 2019 til over 190 millionar i 2021. Det er utviklinga til Salthammer Båtbyggeri i Vestnes dei tre siste åra.
Verftet har spesialisert seg på servicebåtar til oppdrettsnæringa.
I 2020 førte tap på eitt prosjekt til at skipsverftet enda med minusresultat. I 2021 skulle resultatet tilbake i pluss, lova dagleg leiar Lasse Stokkeland. Det løftet heldt han. (sjå tabell)
Betre for konsernet
Salthammer Båtbyggeri sin største eigar er L H Salthammer Båtbyggeri Eiendom, med 95,5 prosent av aksjane.
Skipsverftet er den største verksemda i L H Salthammer Båtbyggeri Eiendom-konsernet.
Konsernet omfattar også 51 prosent eigarskap i skipsdesign og enigeeringselskapet Tomra Design, 75 prosent eigarskap i mekanisk industribedrifta Salthammer Tresfjord, eitt eigedomselskap og eit sjøtransportselskap.
Konsernet sysselsette direkte 41 årsverk i fjor.
Ove Torstein Amdam er dagleg leiar og styreleiar i konsernet. Han er også medeigar. I alt er det ni aksjonærar.
Salthammer Båtbyggeri as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 190,3 | 123,5 |
Driftsresultat | 3,9 | -3,5 |
Resultat før skatt | 1,8 | -4,9 |
L H Salthammer Båtbyggeri as (konsern) | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 217,0 | 137,7 |
Driftsresultat | 13,9 | 2,5 |
Resultat før skatt | 13,4 | 1,8 |
Publisert: 03.08.2022 13:11
Sist oppdatert: 03.08.2022 13:11