Formvac Knut Arne Leite foto ogne 11
LYSARMATUR: Du finn Formvac-produkt ein lang rekke plassar. Her kuttar Knut Arne Leite til det som skal inn i lysarmatur frå Glamox. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppsving på Hellesylt

Når verda blir farlegare og alt blir meir usikkert, får dei meir å gjere på Hellesylt.

02.01.2026

– Det er mange som flaggar heim frå utlandet, seier Stein Inge Rem.

Han er eigar og dagleg leiar i plastkomponentprodusenten Formvac på Hellesylt. Her utviklar og lagar dei ti tilsette alt frå små komponentar til større produkt, i både små og større seriar.

Jul- og nyttårsdagane legg NETT NO ut ei rekkje artiklar som tidlegare er publiserte i magasinet. Artiklane er opne også for ikkje-abonnentar. 

Du finn Formvac-produkt i bilar, bussar, båtar, i elektronikkprodukt og mekanisk industri, i helsesektoren, fiskeri- og oppdrettsnæringa, i butikkar og møblar og innreiingsprodukt.

På kundelista står mellom andre vakuumtoalett-produsenten Jets på Hareid og lyssystem-produsenten Glamox.

I 2024 auka inntektene til selskapet med over 20 prosent til 16,3 millionar kroner. Det er ny rekord. Ein del av forklaringa er at kundar som før fekk levert plastdelar langt vekke frå, no vil ha underleverandørane nærare seg.

Det er ei globalisering i revers vi ser.

Stein Inge Rem tv Hellesylt Formvac Knut Arne Leite i midten Stein Kristoffersen t h Foto Ogne 1
MEIR ARBEID: Eigar og dagleg leiar Stein Inge Rem (t.v.), Knut Arne Leite (i midten) og Stein Kristoffersen i Formvac på Hellesylt har fått fleire oppdrag fordi kundane i større grad vil ha underleverandørane sine nær seg. Foto: Ogne Øyehaug

Fleire leverandørar etter korona

– Før koronaen gjekk alt som smurt. Ingen hadde varelager lenger, seier Rem.

Bedrifter kunne vente med å bestille det dei skulle ha, til like før dei trong det, og stole på at det kom fram i tide. Det var eit system som var bygd opp over lang tid, og stadig vart forbetra.

– Det gjekk utruleg bra, seier Formvac-sjefen.

Rem kjøper sjølv råvarer frå utlandet, men samanlikna med før koronaen har han no fått fleire leverandørar – også norske – og har eit varelager han ikkje hadde før.

Kundane til Formvac tenker på same viset. Dermed får fabrikken på Hellesylt meir å gjere. 

Nærleik til kundane har blitt ein større fordel enn før koronaen. Rem trur heimflyttinga vil halde fram, om enn ikkje i same takt som til no. Aktørane i verdsøkonomien har justert seg i tråd med endringane. Lågkostlanda har framleis ein fordel når det gjeld mange produkt som blir produserte i store seriar.

Global trend held fram
Globalisering i revers var hovudtema i NETT NO-magasinet i 2022. Den trenden har halde fram, ifølge ein rapport frå OECD i 2024 (Offshoring, Reshoring, and the Evolving Geography of Jobs: A Scoping Paper).

Det er fleire årsaker til reverseringa.

Med koronapandemien og smittverntiltaka vart det store forstyrringar i verdikjeda, både i produksjon og transport.

Russland sitt forsøk på å ta makta i Ukrainia medverka til prishopp og forstyrra internasjonale forsyningskjeder ytterlegare.

Høgare internasjonalt konfliktnivå auka risikoen ved å ha produksjon i eit land ein potensielt er eller kan kome i konflikt med.

Med Donald Trumps sitt comeback som president i USA frå januar 2025 har uvissa rundt vilkåra for internasjonal handel auka, med høgare tollmurar og større vilje til konflikt med andre land.

Automatisering av produksjonsprosessar gjer at lønsnivået spelar ei mindre rolle for kostnadane.

Straffetiltak mot amerikanske selskap
Harry Moser i USA starta organisasjonen Reshoring Initiative i USA i 2010, med mål om å få fleire industribedrifter til å flytte produksjonen heim. Amerikanske bedrifter har undervurdert dei samla kostnadane ved å basere seg på produksjon i utlandet, og særleg i Kina. 

No brukar Moser blant anna risikoen for kinesiske straffetiltak retta mot amerikanske selskap i Kina som eit ytterlegare argument for å flytte produksjon heim.

«Sidan starten på handelskrigen har Kina retta seg mot amerikanske selskap med lovgiving som ‘lista over upålitelege einingar’ og ‘lova om sanksjonar mot utanlandske aktørar’. Straffetiltak mot selskap eller enkeltpersonar inkluderer avgrensingar på handel, investeringar og visum, og omfattande fullmakter til å beslaglegge eigedommar og blokkere forretningstransaksjonar med aktørar som Kina oppfattar som skadelege for sine interesser», skriv han i eit innlegg som blei publisert i Industry Today i mars 2025.

Ville heller satse i USA
Moser skriv at ei rekke tiltak som kom under Trump sin forgjengar Joe Biden, stimulerte bedrifter til å investere og produsere i USA. Eit døme på det er batterifabrikken Freyr i Mo i Rana, som skulle bli eit flaggskip for Ap/Sp-regjeringa sin nærings- og klimapolitikk, men som heller ville satse i USA der det var meir støtte å hente. 

Med Trump er mange av Biden-tiltaka på veg ut. 

Ein ny politikk med tollmurar og overraskande utspel og endringar skaper uvisse for amerikanske selskap og investeringsplanar, slik Moser ser det. Samla sett trur han likevel tollmurane vil gi meir produksjon i USA. 

Heimflytting har også utfordringar
I kor stor grad utviklinga i USA forsterkar heimflyttingstendensen i Noreg, står att å sjå. Det er også verdt å hugse at om bedrifter flyttar produksjonen frå til dømes Kina, er det ikkje sikkert han hamnar i  Noreg. Polen og Baltikum er også nær.

Heimflytting kan òg bety problem for norske eksportbedrifter.

Summen av endringane kan også slå negativt ut, og uansett krevje ei omstilling, skriv NAV i sin Omverdenanalyse 2025–2035:

«Økt proteksjonisme og handelsrestriksjoner påvirker det globale frihandelssystemet som Norge drar nytte av. Dette kan føre til økt arbeidsledighet og behov for omstilling i norsk økonomi, samt behov for økt beredskap», heiter det i analysen.

OECD-rapporten det er vist til tidlegare i denne artikkelen, peikte òg på at ei heimflytting av produksjonen ikkje automatisk betyr mange nye jobbar. Ein av grunnane til at heimflyttinga skjer, at arbeidsoppgåvene i høg grad er blitt automatiserte. 

Då spelar ikkje lønsskilnadane mellom Noreg og utlandet så stor rolle, nettopp fordi dei er relativt låge.

Publisert: 02.01.2026 10:29

Sist oppdatert: 02.01.2026 10:17

Mer om