Frank R Horgen foto Tellus Ålesund
VEKST: Så langt i år har Frank R. Horgen i Tellus Ålesund seld for 23 prosent meir enn på same tid i fjor. Foto: Tellus Ålesund
Nytt

Opptur for camping-nykomar

Tre år etter etablering i Ålesund er Tellus Ålesund blitt ein stor utfordrar i bubil- og campingvognmarknaden.

20.07.2021

Så langt i år ligg Fram R. Horgen i Tellus Ålesund 23 prosent over salet på tilsvarande tid i fjor, og med betre lønsemd.

No er utfordringa å få tak i nok bilar og vogner. Den verdsomspennande koronaepidemien har skapt forseinkingar hos produsentane og i distribusjonen og Horgen har gått utradisjonelt til verks for å få fylle opp varelageret når leverandørane ikkje kan levere nok i tide.

- I 2021 har vi kjøpt bilar rundt om, seier han.

Credo i ryggen
Tellus Ålesund opna dørene i Breivika i Ålesund våren 2018. Då heitte selskapet Juro Caravan Ålesund. Horgen var medeigar, saman med Juro Caravan i Malmefjorden. Selskapet starta på null og passerte 105 millionar kroner i driftsinntekter i fjor (sjå tabell).

I vår kom investeringsselskapet Credo Partners inn på eigarsida for å skape Tellus Caravan & Fritid, eit konsern som samla i alt 12 selskap i bubil- og campingvognbransjen. I 2020 hadde konsernet 1,5 milliardar kroner i driftsinntekter (proformatal) og eit resultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 45 millionar kroner.

Credo Parteners eig 51 prosent i Tellus-konsernet. Resten er eig av eigarane og nøkkelpersonell i selskapa som gjekk inn i konsernet.

Credo Partners har mellom anna vore medeigar i Optimar og er medeigar i MMC First Process.

Større aktører
Tidlegare Juro Caravan Ålesund er ikke åleine om å bli ein del av ein større aktør.

I 2017/2018 blei Skorpen og Myren Bil ein del av Ferda-konsernet, og i 2018 blei Caravanservice innlemma i det som blei Ferda Ålesund - som flytta inn i nye lokale på Håhjem i 2019. (Ferda Ålesund er ei avdeling i Ferdakonsernet, reknskapstala er ikkje offentlege gjennom Brønnøysundregisteret.)

I 2014 starta Magnar Romestrand Sunnmøre Caravan (sjå tabell) og etablerte etterkvart drift også i Stryn gjennom datterselskapet Nordfjord Caravan, og har i år også opna avdeling i Furene i Volda.

Tellus Ålesund as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt105,381,2
Driftsresultat3,70,5
Resultat før skatt2,6-0,02
Sunnmøre Caravan as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt108,6112,4
Driftsresultat1,20,9
Resultat før skatt-0,02-0,7
Nordfjord Caravan as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt53,342,8
Driftsresultat1,70,2
Resultat før skatt1,2-0,2

Publisert: 20.07.2021 11:13

Sist oppdatert: 20.07.2021 11:16