Roger Lunde Ekornes foto Ogne
RETT OPP: Møbelindustrien sin kraftige opptur i fjor tok dei fleste på senga. Ekornes-sjef Roger Lunde har gjennomført den største oppbemanninga på fleire tiår, og veksten for møbelprodusenten varer framleis. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Analyse: Opptur i 2020

Fleire selskap gjorde det betre i 2020 enn året før. No har bedriftene på Nordvestlandet så mykje å gjere at tilgangen på arbeidskraft er blitt den viktigaste flaskehalsen.

21.11.2021
ANALYSE

Krisa mange frykta då koronapandemien kom i mars 2020, blei det lite av. Til og med restaurantbransjen på Nordvestlandet - som måtte leve med delvis stengte dører og smittevernrestriksjonar - betra lønsemda i fjor.

2020-rekneskapa fortel at bedriftene på Nordvestlandet fekk eit nytt oppsving i inntekter og lønsemd frå 2019 til i fjor, som også går fram av tabellen til denne artikkelen.

Over halvparten av selskapa med driftsinntekter over fem millionar kroner, auka overskotet frå 2019 til 2020.

Fleire selskap gjekk med overskot i 2020, enn i 2019.

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk her for å lese heile magasinet på skjerm, mellom anna oversikta over dei 100 største selskapa på Nordvestlandet.

Full fart
Utover i 2020 blei det klarare og klarare at farta i økonomien auka, trass i at deler av maritim bransje har det tungt.

Både for bilbransjen, møbelhandlarane og møbelprodusentane - som er omtalt i eigne artiklar i dette magasinet - har 2021 blitt eit nytt godt år.

Todelt næringsliv
Akkurat som i 2019 er dei største tapa konsentrert om eit fåtal verksemder, med Vard Group sitt underskot før skatt på 1,8 milliardar kroner som det største.

10 selskap står for 60 prosent av det samla underskotet på til saman 7,3 milliardar kroner. Med unntak av skipbyggingskonsernet Vard, er alle dei ti offshorereiarlag.

Utvidar vi lista til dei 20 selskapa med størst underskot, hadde dei til saman 5,3 milliardar i minusresultat før skatt. Av desse er 16 offshorereiarlag.

Færre med minusresultat
Tala er baserte på rekneskapane til 2.530 selskap med over fem millionar kroner i driftsinntekter på Sunnmøre og i Nordfjord, som var registrert med 2020-reknskap i Brønnøysund per 21.oktober 2021.

448 selskap gjekk med til saman 7,3 milliardar kroner i minus i 2020. Det utgjer 18 prosent av selskapa med driftsinntekter over fem millionar kroner og med adresse på Sunnmøre og i Nordfjord.

Tilsvarande tal for 2019 var det 621 selskap med minusresultat, som svarar til kvart fjerde selskap.

I 2018 gjekk 645 bedrifter i minus, med eit samla underskot på 10 milliardar kroner. Også då var storparten av underskota samla hos eit fåtal selskap.

Hovudtal for selskapa på Nordvestlandet
Tal i prosent
År Driftsmargin Resultatmargin
2020 4.8 % 4.6 %
2019 5.4 % 3.5 %
2018 2.8 % 0.1 %
2017 4.4 % 2.5 %
2016 -1.6 % -7.3 %
Driftsmargin er driftsresultat i prosent av driftsinntektene
Resultatmargin er resultat før skatt i prosent av driftsinntektene
Kjelde: Bisnode

Langvarige etterverknader?
Spørsmålet er om dei største ulempene på grunn av koronakrisa, først no er i ferd med å vise seg, etter at vaksinane har gjort viruset til eit mindre helseproblem.

Mangel på arbeidskraft, og korleis få tak i kvalifiserte folk – som mykje av dette magasinet handlar om – er delvis eit resultat av at det blir sett fart på planar som blei lagde på is i fjor. Når aktiviteten går opp kjem fleire i jobb.

Det er også eit resultat av at tidlegare tilsette har funne andre jobbar, og/eller reist andre stadar.

Spesielt kultur-, reiseliv- og serveringsbransjen har i lange periodar hatt store deler av arbeidsstokken permitterte, og merkar at det er tidkrevjande å auke bemanninga igjen.

I løpet av 2021 har det i aukande grad blitt ei utfordring å få tak i varer og deler i tide. Pandemien og smitteverntiltaka har skipla forsyningslinene. Det slår ut i høgare prisar, lengre leveringstider og ikkje minst - i at det blir vanskelegare å planlegge når du ikkje veit kva tid du får komponentane du treng.

Eit døme er Saga Boats-sjef Idar Martin Refsnes, som før koronapandemien fekk bestilte motorar levert til lystbåtprodusenten i Selje etter ein til to månadar. No er leveringstida opp i eitt år. Slikt påverkar også salet.

Til lenger tid det tek før leveringstider og leveringstryggleik blir som før koronakrisa, dess større sjanse for at bedrifter vil søkje etter leverandørar nærare seg sjølve, og/eller bygge opp større lager for å sjølve kunne levere når kundane kjem.

Arbeidstakarane tapte
Sett frå eit bedriftseigarperspektiv viser 2020-reknskapa at året samla blei bra, trass koronakrisa.

Sett frå eit arbeidstakarperspektiv blei koronakrisa større.

På det verste, ved utgangen av mars 2020, var 13.874 personar registrerte som heilt ledige i Møre og Romsdal. 7. april same år registrerte NAV Møre og Romsdal til saman 20.599 personar som var heilt eller delvis ledige, eller på arbeidsmarknadstiltak.

Dette skuldast først og fremst omfattande permitteringar i første fase av koronakrisa, og mange var tilbake i arbeid berre etter få veker og månadar.

Men arbeidsløysa beit seg fast på eit høgare nivå enn før viruset kom. Det betyr at for fleire arbeidstakarar vart koronakrisa langvarig.

I januar 2021 var det 4.653 heilt arbeidslause i Møre og Romsdal, 1.638 fleire enn januar 2020. Talet på delvis arbeidslause gjekk opp med 1.409 i same periode, til 2.691 personar.

Då januarstatistikken for 2021 blei lagt fram, var NAV allereie blitt opptatt av at tilgangen på arbeidskraft kunne bli ei utfordring utover året, som har vist seg å stemme. Arbeidsløysa krympa månad for månad, og ved utgangen av september var arbeidsløysa på to prosent i fylket - under nivået før koronakrisa.

Den viktigaste årsaka til at arbeidsløysa ikkje er enda mindre, er at det er eit misforhold mellom kva arbeidsgivarane spør etter og kva dei som er arbeidslause kan eller vil.

Oljebransje under press
Før oljeprisfallet kom i 2014, var offshorereiarlaga ein viktig drivar for aktiviteten i næringslivet på Nordvestlandet. Dei bestilte skip hos verfta, som i neste omgang bestilte utstyr frå utstyrsleverandørane.

Trass i ein oljepris godt over 80 dollar fatet, er offshorebransjen framleis ei næring med skip i opplagsbøyene. Dei lever óg i eit politisk klima der oljebransjen er under press.

Dei største skipsverfta snudde seg mot cruisebransjen etter at offshorereiarane slutta å bestille nye skip. Dei første kontraktane blei dyre for verfta. Då verfta var klare for neste runde og kunne dra nytte av sine dyrekjøpte erfaringar, sette koronapandemien nye ordrar på vent. Resultatet er ei krympa verftsnæring, der Vard står att som den eine store verftsgruppa som satsar på nybygging.

Publisert: 21.11.2021 06:00

Sist oppdatert: 15.12.2021 09:03

Mer om