Georg Saint Denis dgl Otimar foto Ogne
NYE JOBBTILBOD: Georg Saint-Denis går av som toppsjef når islands selskap tek over Optimar, men andre selskap på Nordvestlandet vil ha han med på laget. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Optimar-sjefen har fått nye jobbtilbod

Selskap på Nordvestlandet vil tilsette den tyske toppsjefen.

26.02.2024

Med eigarskifte blir det også leiarskifte i Optimar, men Optimar-sjefen Georg Saint-Denis har allereie fått jobbtilbod frå andre bedrifter på Nordvestlandet, som vil har langpendlaren frå Tyskland med på laget.

Kva han skal gjere no er ikkje avklart, men Saint-Denis stadfestar at han har fått jobb-tilbod frå selskap i regionen.

Vemodig
Med ny eigar er også Optimar-tida over for Saint-Denis. Han kallar den nye eigaren ei perfekt løysing for Optimar, men seier samstundes det er vemodig å ta farvel.

Saint-Denis har budd i Ålesund tre veker i slengen, før han pendla heim til ei langhelg Tyskland, medan kona pendla motsett veg.

– Eg blei litt forelska i dei tilsette, landet og kulturen, sa Saint-Denis i til NETT NO i august i fjor.

Fekk styringa
Georg Saint-Denis kom inn som rådgivar i april 2022, og har stått i spissen for ein krevjande prosess med nedbemanning, omorganisering av produksjon, sletting av gjeld - og å få dei tilsette inn som medeigararar.

Då Haniel i 2022 bad han om å forlenge Optimar-engasjementet i fjor, kom han med eit vilkår som det tok ei tid å få innfridd, men som Haniel til slutt sa ja til: Saint-Denis ville ha styringa, og det fekk han ved at to prosent av aksjane i Optimar International er A-aksjar. Berre A-aksjane har stemmerett på generalforsamlinga, og Saint-Denis eig akkurat over halvparten av A-aksjane.

Nær signering av store prosjekt
2022 enda med eit resultat før skatt på minus 328 millioner kroner, men i august 2023 venta Saint-Denise eit lite overskot for 2023.

Det endlege tala er ikkje klare, men det blir snarare eit lite minus i 2023, seier Saint-Denis i dag. I lys av situasjonen Optimar har vore i er han nøgd med resultatet, og rosar innsatsen til dei tilsette, sjølv om han ikkje er nøgd med minusresultat.

Så langt i år er utsiktene mykje, mykje bedre.

- Vi har fleire store prosjekt vi er nær ved å signerer, seier Saint-Denis.

Publisert: 26.02.2024 14:00

Sist oppdatert: 26.02.2024 13:56

Mer om