Giske kommune har inngått opsjonsavtale med Login Group om sal av ei tomt på 14.000 kvadratmeter på Gjøsundneset, ifølgje ei pressemelding.
Selskapet med hovudkontor i Oslo kjøpa tomta for å bygge eit fryseri med tilhøyrande parkeringsareal.
– Vi er godt nøgde med at vi no har landa ein opsjonsavtale med kommunen. Vi ser fram til at dette skal bli ein nasjonal «one stop» fiskerihamn, uttaler Terje Viken som er styreleiar og eigar i Login Group, i meldinga.
Allereie dei neste vekene vil selskapet gjere undersøkingar av grunnen på tomta for å sikre at den stettar krava til stabilitet.
Planlegg minst 150 meter lang kai
Kommunedirektør Karl Andre Birkhol i Giske fortel at han er glad for å dele at ein no har inngått ein opsjonsavtale med mål om å signere endeleg avtale innan kort tid.
– Dette er eit viktig første steg for kommunen i den vidare utviklinga av området. Når vi har fryseriaktør på plass, set vi i gang med å planlegge bygging av minimum 150 meter kai, seier Birkhol.
Det er venta at utbygginga av fiskerihamna vil skape store positive ringverknader for regionen gjennom auka landing av råstoff og nye sirkulære forretningsmodellar, opplyser kommunen.
Jobbar med fleire aktørar
Prosjektleiar Linn Indrestrand jobbar med fleire aktørar som vil inn i området - og med logistikkruter til og frå Gjøsund.
Ho trur fleire brikker vil falle på plass når ein endeleg avtale med fryseriaktøren blir landa.
Dei neste vekene vil ho delta på messe i Barcelona og på The Next Wave på Øygardshavna på Giske.
Publisert: 25.04.2025 11:06
Sist oppdatert: 25.04.2025 11:10






