- Vi søkte om noko over 20 millionar kroner i oppstartsåret, og det trur eg vi får, seier Åkp-sjef Per Erik Dalen til NETT NO, like etter at han har stått på scena under Siva-konferansen i Trondheim i dag og takka for tildeling av katapultstatus.
Åkp var ein av tre søkjarar som nådde heilt til topps i konkurransen om å få katapultstatus.
Sjølv om Åkp var like ved då dei to første katapultsentra vart peika ut i fjor, var Dalen spent på kva Siva (Selskapet for industrivekst) ville prioritere denne gangen.
Alle tre har tyngdepunktet at satsinga si retta mot havet. Åkp har base på Nordvestlandet, dei to andre høvesvis i Bergen og Stord/Haugesund.
- Det var storeslem for Vestlandet, seier Dalen.
Poenget er å gjere utviklingsarbeidet både raskare og billegare enn ved å bygge fysiske prototypar.
Støtte som kjem med katapultstatusen skal brukast til å utvikle modellar for bygging og utprøving av virtuelle prototypar og til å bygge opp kunnskap om bruk av virtuelle modellar.
Åkp har allereie den fysiske plassen for katapultsenteret i sin Blue Innovation Arena, som blei opna i fjor. No har Åkp også pengar til å utvide aktiviteten.
I tillegg kjem dei tre klyngene som også held til i NMK-bygget i Ålesund, GCE Blue Maritime Cluster, Norwegian Rooms og Blue Legasea.
Åkp var ein av tre søkjarar som nådde heilt til topps i konkurransen om å få katapultstatus.
Sjølv om Åkp var like ved då dei to første katapultsentra vart peika ut i fjor, var Dalen spent på kva Siva (Selskapet for industrivekst) ville prioritere denne gangen.
Havsatsing
Svaret kom då næringsminister Torbjørn Røe Isaksen las opp dei tre nye katapultsentra, Ocean Innovation Centre, Sustainable Maritim og altså Åkp.Alle tre har tyngdepunktet at satsinga si retta mot havet. Åkp har base på Nordvestlandet, dei to andre høvesvis i Bergen og Stord/Haugesund.
- Det var storeslem for Vestlandet, seier Dalen.
Kunnskap og utvikling
Katapultsenteret i Ålesund skal drive med virtuell prototyping. Det betyr å lage og teste prototypar av nye produkt og idear, som digitale versjonar.Poenget er å gjere utviklingsarbeidet både raskare og billegare enn ved å bygge fysiske prototypar.
Støtte som kjem med katapultstatusen skal brukast til å utvikle modellar for bygging og utprøving av virtuelle prototypar og til å bygge opp kunnskap om bruk av virtuelle modellar.
Åkp har allereie den fysiske plassen for katapultsenteret i sin Blue Innovation Arena, som blei opna i fjor. No har Åkp også pengar til å utvide aktiviteten.
Fleire samarbeidspartnarar
Bak katapultsenteret i Ålesund har Åkp fleire partnarar; Rolls-Royce Marine, Ulstein Group, Inmarsat, Offshore Simulator Centre, forskingsinstituttet Norut i Narvik, NTNU og Sintef.I tillegg kjem dei tre klyngene som også held til i NMK-bygget i Ålesund, GCE Blue Maritime Cluster, Norwegian Rooms og Blue Legasea.
Publisert: 05.06.2018 13:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22