Studentsamskipnaden i Gjøvik, Ålesund og Trondheim (Sit) har fått tilsagn om støtte til å bygge i alt 48 nye studentbustadar i Ålesund.
Det er berre eitt av ei rekkje studentbustad-prosjekt regjeringa har vedtatt å gi støtte til.
Også i Volda (120 bustadar ) og i Kristiansund (41 bustadar) har studentsamskipnadane fått tilsagn om pengar.
Må vente på politikarane
Det er Ålesund som er lengst unna at dei nye studentbustadane blir bygd.
Der er planen å bygge 48 såkalla hybeleiningar i sentrum, som ein del av utbygginga av Sørsida i Ålesund sentrum.
Dermed er Sit avhengig av beslutningsvilje og -evne hos Ålesund-politikarane når det gjeld korleis, og når Sørsida skal byggast ut.
Sit må ha eit igangsettingløyve innan fire år, før tildelinga av støtte fell bort og organisasjonen må søke på nytt, ifølgje bustaddirektør Lisbeth Glørstad Aspås i Sit.
Manglar 100 bustader for å nå mål
I dag har Sit 435 hybeleiingar i Ålesund. Målet til Sit - og studentsamskinadar generelt - er å ha hybeleiningar til omlag 20 prosent av studentane.
Per i dag manglar Sit i overkant av 100 nye studentbustadar for å nå det målet i Ålesund, og utbygginga på Sørsida er den første planlagde utbygging for å auke talet på studentbustadar i Sit-regi i Ålesund.
Sit startar rehabilitering av 38 hyblar i nærleiken av NTNU i Ålesund haust, men det vil ikkje tilføre byen fleire studentbustadar enn i dag.

Vurderer riving i Volda
Studentsamskipnaden i Volda har fått tilsagn om støtte til heile 120 hybeleiningar - flest av studieplassane i Møre og Romsdal.
Planen er å bygge ut på Heltne i Volda like ved høgskuleområdet, der studentsamskipnaden allereie har studentbustadar i dag.
Per i dag har Studentsamskipnaden i Volda 707 hybeleiningar. Ein del av desse er i om lag i 50 år gamle bygg, og ein vil vurdere om nokre eldre bygg skal rivast for å erstattast med nybygg.
Dagleg leiar Rune Aasen seier at han håpar ei avgjerd om bygging og eventuell riving, kan vere tatt allereie i første halvår - og seier at avgjerda i alle fall blir teken i løpet av 2025.
Molde søkte ikkje
Studentsamskipnaden i Molde og Kristiansund er nøgd med talet på studentbustadar i Molde.
Dei søkte difor ikkje om tilskot til bygging av fleire der, men har fått tilskot til bygging av 41 hybeleiningar i Kristiansund ved Campus Kristiansund - som er flytt inn i nye bygg i bysentrum.
Både Høgskolen i Molde, NTNU og Fagskolen i Møre og Romsdal har studie- og kortare kurs og utdanningstilbod i Kristiansund.
Publisert: 18.03.2025 10:43
Sist oppdatert: 18.03.2025 10:43