(NPK-NTB-Nina Haabeth): 67 millionar oppdrettslaks gjekk tapt i 2025. Over 54 millionar av desse døydde i merdane. – Dyrevelferda er for dårleg, seier forskar Ellen Sofie Grefsrud.
I ein rapport frå Havforskingsinstituttet går det fram at Norsk akvakulturproduksjon auka kraftig frå 2024 til 2025 – med vel 200.000 tonn. Dette er den største årlege veksten i perioden 1980–2025.
Laks stod for heile 182.000 tonn av auken, regnbogeaure auka med rundt 13.000 tonn og torskeoppdrett med om lag 5500 tonn.
Dårleg dyrevelferd i oppdrettsanlegg og negative effektar av lakselus på villfisk er framleis dei største hindringane for å oppnå berekraft, ifølgje rapporten.
Sjå sending frå presentasjonen ved å klikke på biletet under. Artikkelen held fram under
Mellom 14 og 16 prosents dødelegheit
Den store lakseproduksjonen har ein høg pris for fiskevelferda: Tala frå Fiskeridirektoratet viser at 67 millionar oppdrettslaks gjekk tapt i 2025. Over 54 millionar av desse døydde i merdane, rundt 2,5 millionar vart sorterte bort i slakteriet, 26.000 fisk rømde, og nesten 10 millionar vart registrerte tapte av «andre årsaker».
– Det er tre millionar færre døde fisk enn i 2024, men risikoen for dårleg velferd er likevel høg i dei fleste produksjonsområda, fastslår forskar Ellen Sofie Grefsrud i Havforskingsinstituttet, som er medredaktør til rapporten.
Ho seier at tapsprosenten, altså døde fisk, utkast og fisk tapt på andre måtar, ligg på mellom 16 og 18 prosent. Dødelegheita ligg på mellom 14 og 16 prosent på landsbasis.
– Ut frå dei dataa vi har, forventar vi at denne prosenten vil halde seg framover, legg ho til.– Openbert at økonomi er ein viktig del
Grefsrud seier at det er ein viktig jobb å finne ut kva som er akseptabel dødelegheit. Ifølgje forskaren har ein i miljøet diskutert om ein kan klare å jobbe seg ned til 5 prosent.
– I dag ligg vi langt over dette, men vi veit samtidig at enkelte oppdrettarar opererer med lågare dødelegheit, kanskje fordi dei har færre problem med lus, seier ho.
– Data viser likevel at vi var nærare å nå 5-prosentmålet for 20 år sidan enn vi er i dag, legg ho til.
På spørsmål om færre fisk i oppdrettsanlegga ville ført til mindre sjukdom og død, svarer ho stadfestande.
– Det her heilt klart. Det er openbert at økonomi er ein viktig del av dette – men vi gjer ingen økonomiske vurderingar i arbeidet vårt, det får andre ta seg av, seier Grefsrud.
Varme somrar ei ekstra utfordring
Dei varme somrane i 2024 og 2025 førte til svært høge lakselusnivå, noko som gav spesielt stor belastning for sjøaure og sjørøye, som oppheld seg lenge i kystsona.
Rømmingsdelen i elvane har i stor grad stabilisert seg, men risikoen for genetiske endringar hos villaks er framleis høg i fire produksjonsområde, ifølgje rapporten.
Tapet for regnbogeaure er vesentlege lågare enn for laks, men risikoen har likevel auka frå moderat til høg i produksjonsområde 3 (frå Karmøy til Sotra) på grunn av høg variasjon i tapstala.
Vurderer ni ulike område
Rapporten vurderer risiko på ni område: fiskevelferd, lakselus, genetisk påverknad på villaks, miljøeffektar på botnforhold, utslepp av næringssaltar, kopar, og dessutan bruk av kjemiske avlusingsmiddel og reinsefisk.
Overgjødsling på grunn av næringssaltar frå oppdrett blir vurdert å ha låg risiko i alle område, sjølv om modellane tidvis viser auka risiko i område med redusert vassutskifting. Rapporten tilrår derfor meir overvaking der oppdrettsaktiviteten er høg.
Det blir peika på at dagens forbruk av avlusingsmidlar gir låg risiko for alvorlege effektar på andre marine artar, men viss behandlingsomfanget held fram med å auke, kan risikonivået endre seg.
Klimaendringane slår inn
I rapporten blir det understreka at høg vasstemperatur, meir fisk i sjø og hyppigare avlusing har forverra situasjonen dei siste åra.
Den marine hetebølgja som låg langs norskekysten utover hausten i 2024, og hetebølgja som trefte vestlandskysten i 2025, viser at klimaendringane allereie påverkar havmiljøet.
Grefsrud fortel at det derfor blir planlagt ein eigen rapport før sommaren 2026 der ein skal rette søkjelyset på korleis klimaendringane påverkar dyrevelferda. Dessutan vil ein sjå på dei ulike miljøeffektane frå fiskeoppdrett.
– Oppdrett av fisk er svært komplisert, det finst ikkje enkle forklaringar eller løysingar på problema, som er svært samansette, fastslår Grefsrud.
Publisert: 11.02.2026 08:20
Sist oppdatert: 11.02.2026 11:50






