Jan Endre Vartdal og Sylvi Listhaug Vartdal Plast februar 2025 foto Ogne
CO2-AVGIFT: I dag er store deler av Vartdal Plast-konsernet i ein situasjon der selskapet ikkje har tilgang til straum som gjer at selskapet kan legge om frå gass til elektrisitet i produksjonen og dermed sleppe CO2-avgift. Konsernsjef Jan Endre Vartdal har Frp-leiar Sylvi Listhaug på besøk for å få politisk draghjelp. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Over 60 millionar i CO2-avgift i vente for Vartdal Plast

Får ikkje tak i straum som kan kutte CO2-utsleppa. Frp vil stoppe avgiftsauken.

26.02.2026

Vartdal Plast-konsernet lagar fiskekasser, isolasjonsmateriale og emballasje i ekspanderbar polystyren - populært kalla isopor. 

Til det trengs det varme. Den varmen får Vartdal Plast sin fabrikk på Vartdal og fleire av dei andre anlegga i konsernet ved å fyre med propan. Det gir utslepp av CO2, og dermed CO2-avgift. 

(Sjå kva selskapet betalar i dag og skal betale i CO2-avgift i 2035 i tabell i slutten av artikkelen)

Vil stoppe auke
CO2-avgifta skal gradsvis aukast fram til 2035, og når vi kjem dit vil avgifta koste fabrikken på Vartdal 22,3 millionar kroner, anslår selskapet. For heile konsernet er det snakk om ein auke til 63,2 millionar kroner i året, med dagens produksjon (sjå tabell).

– Vi har forslått å stanse denne auken i CO2-avgifta fordi vi ser det at for mange som får den så finst det ingen alternative løsningar. Så det blir ei rein fiskal avgift og eigentleg ei undergraving av norsk konkurranseevne,  seier Frp-leiar Sylvi Listehaug, som besøkte Vartdal Plast i dag.

Frp vil også gjere det enklare å bygge ut kraftnettet.

– Vi fremma forslag i dag som vil gjere det enklare å bygge ut nettet, som skal gjere at det blir raskar (å bygge nett, red. merk). Det meiner eg er heilt nødvendig framover at vi får til. Og så få opp produksjon av størm,. og då er vi både opptatt av vasskrafta og at vi ser på kjernekrafta, seier Listhaug.

Vartdal Plast er eitt av selskapa som er sett på Statnett si venteliste for å få tildelt meir straum. 

Fleire aktørar på Nordvestlandet står på den same lista. Vartdal Plast har søkt om å få tilgang til 12 MW-kapasitet, men slik det ligg an no ligg ikkje anlegget på Vartdal  an til å få tilgang på meir straum før 2035, seier konsernsjef og medeigar Jan Endre Vartdal.

Utan straum kan selskapet ikkje legge om frå gass til elektrisitet i produksjonen og dermed sleppe CO2-avgift.

Vartdal vil ha stopp i auken i CO2-avgifta inntil selskapet har alternativ til gass. Han vil og ha forenkla regelverket for utbygging og utbetring av nye kraftliner.

– Eg trur at ein del politikarar trur at berre du påfører nok avgifter så vil det dukke opp løysingar, seier ho.

Vartdal Plast-konsernet    
     
 Nok tilgang på 
straum per i dag?
CO2-avgift
i 2035
  
VartdalNei22,29,2 
NessaneNei8,73,6 
BømloNei10,84,4 
HjelmelandNei7,53,1 
UalandNei2,31,0 
SpydebergJa0,80,3 
BiriNei0,40,2 
StjørdalNei0,40,2 
BodøDelvis5,12,1 
SteigenNei5,12,1 
SUM 63,226,1 

Publisert: 26.02.2026 13:30

Sist oppdatert: 26.02.2026 14:49

Mer om