Under eit møte på Vartdal Plast torsdag 22. mai spurte tidlegare finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) om bedrifta hadde rekna på utslaget av at grunnlaget for formuesskatten var nedjustert frå 2023 til 2024.
Det hadde bedrifta ikkje, men gjorde det like etter besøket.
Her er svaret:
Til saman betalar dei tre eigarane, Jan Endre, Sindre og Ingvild Vartdal i overkant av 15 millionar kroner i formuesskatt.
Verknaden av endringa i verdiberekning for næringsbygg utanfor dei store byane - slik at verdien vart redusert - er på tilsaman 135.000 kroner mindre å betale i formuesskatt, eller 45.000 kroner på kvar.
Skulle reduserer skatten
I ei pressemelding i oktober 2023, medan han framleis var finansminister, skreiv Vedum at endring i berekninga av verdien på næringseigedom ville vere meir rettferdig og føre til at bedriftseigarar utanfor storbyane ville få redusert formuesskatt.
I pressemeldinga viste Vedum til ein rapport frå NTNU om verdivurderinga av næringseigedom.
«Rapporten underbygger mye av det bedriftseiere har fortalt meg når jeg har vært på reise, nemlig at formuesverdien er satt for høyt på mange eiendommer. Vi gjør derfor nå endringer som demper de regionale forskjellene, og som gir lavere formuesskatt i distriktet», sa Vedum i pressemeldinga.
Dette svarar Vedum
Etter møtet sende Nett No ein epost (26. mai) med spørsmål til Vedum, med opplysning om kor stor reduksjonen i formuesskatten blir på grunn av endringa i grunnlaget for berekninga.
I e-posten skreiv vi at bedrifta sin berekning var ein reduksjon på 135.000 kroner for dei tre tilsaman. Vi ba om ein kommentar og spurte om verknaden var så stor som Vedum rekna med då reglane for verdsetjing blei endra.
Her er svaret, som kom på e-post tysdag 3. juni:
- Det er ingen hemmelighet at det er ulikt syn på formuesskatt i Sv, Ap og Senterpartiet. I 2024 fikk Senterpartiet gjennomslag for å øke kalkulasjonsrenten for næringseiendom. Samlet sørget det for et kutt på 450 millioner kroner i formuesskatten. I tillegg har vi fått gjort endringer i verdsettelsesrabatter og bunnfradraget. Endringene fra 2024 har særlig gitt lavere skatt for de som driver næringsvirksomhet utenfor de største byene.
- Målet med disse endringene var å treffe bedrifter som Vartdal Plast som skaper verdier og arbeidsplasser i hele Norge. Vi er helt avhengig av å ha et levende næringsliv langs hele kysten vår. Derfor, og når vi nå for eksempel ser effekten for eierne av Vartdal plast, mener Senterpartiet at vi framover må fortsette å øke bunnfradrag og verdsettelsesrabatter for å lette trykket for eiere av små og mellomstore bedrifter i hele Norge.
- Samtidig var en av grunnene til at jeg besøkte Vartdal Plast at både de og jeg er bekymret for effekten av den særnorske CO2-avgiften. Skal vi ha næringsliv i hele Norge framover kan vi ikke bare fortsette å ukritisk øke klimaavgiftene. Da vil det bli for dyrt å produsere i Norge, og bedrifter vil flytte ut. Vartdal plast blir ekstra hardt ramma fordi de ikke får tilgang på strøm og derfor må bruke propan. Da blir det vanskelig å kutte utslippene uansett hvor mye avgift de blir pålagt.
Eit oppfølgingspørsmål om Vedum ikkje spesifikt vil kommentere reknestykket til bedrifta, er førebels ikkje svara på.
Formuesskatt og CO2-avgift
Vedum er partileiar i Senterpartiet og besøkte Vartdal Plast som ein del av valkampen fram mot Stortingsvalet i haust.
Vartdal Plast-eigarane har markert seg i diskusjonen om både formuesskatt og CO2-avgift, og Vedum fekk presentert korleis dei ser på begge deler.
Produksjonsanlegget til Vartdal Plast ved hovudkontoret på Vartdal fyrer med propan for å lage varmen, som må til i produksjonen av fiskekasser, byggisolasjon og emballasje i plastproduktet ekspanderbar polystyren. Propan slepp ut CO2, som Vartdal Plast må betale CO2-avgift for. Avgifta skal auke årleg fram til 2030, og vil då utgjere 20 millionar kroner i året for anlegget på Vartdal.
Alternativet er å bytte til elektrisitet, men problemet er at det ikke er kapasitet i straumnettet til å forsyne fabrikken. Det er dilemmaet Vedum peikar på i sitt tredje punkt i svaret over.
– Sjølv vårt patriotiske hjarte blir sett på prøve no, sa Jan Endre Vartdal då Nett No tidlegare i år skreiv om problema mangel på straum skaper for selskapet.
Bekymra over nivået på utbytte
Nett No skreiv i 2023 at Vartdal Plast-eigarane hadde auke utbyttet dei tok ut av bedrifta, for å kunne betale auka formuesskatt.
– Eg er bekymra fordi det ikkje er i tråd med vår policy i bedrifta. Vi tek ut alt for mykje i forhold til å kva vi burde hatt til å handtere investeringsbehovet i bedrifta, sa Vartdal i artikkelen.
Sp kjem i alle fall, i motsetning til SV og Ap, som fleire gangar har blitt invitert
At Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum ville besøke Vartdal Plast i mai var hyggeleg, seier Jan Endre Vartdal - men han fekk ikke den diskusjonen han hadde ønskt seg.
– Det er alltid hyggeleg når nasjonale og lokale politikarar kjem på besøk til Vartdal. Sp kjem i alle fall, i motsetning til SV og Ap, som fleire gangar har blitt invitert. Det er positivt at Sp no løftar den særnorske CO2-avgifta som eit trugsmål for norsk næringsliv si omstilling og konkurransekraft. Både den og formuesskatten framstår som eit trugsmål mot at næringslivet skal forsette å utvikle, omstille og skape nye arbeidsplassar, noko vi meiner er grunnlaget for velferdsstaten vår. Vedum og alle våre politikarar må snakke om elefanten i romet ikke bare snakke forbi problema med dagens næringspolitikk. Faktum er at dei spelar russisk rulett med norske arbeidsplassar, om dei ikkje snart fokuserer på tilrettelegging framfor utmatting og avvikling, seier Vartdal etter svara frå Vedum.
Publisert: 04.06.2025 14:00
Sist oppdatert: 04.06.2025 14:48






