Amfi moa illustrasjon handel 11
HANDEL: Ifølgje konkursrapporten til Sparebank 1 SMN er det vesentleg færre konkursar i varehandelen, samanlikna med før pandemien. Arkivfoto: Marius Rosbach
Nytt

Overraska over at konkursnivået ikkje er høgare

Varehandel har overraska mest positivt. Ventar auke neste år.

Industri er bransjen som skil seg mest negativt ut i antal konkursar i år.

Dette kjem fram i ei pressemelding frå Sparebank 1 SMN.

– Varehandel ligg på eit vesentleg lavare nivå enn før koronapandemien, skriv gründerøkonom Johanna Aaker Lindstad i meldinga.

Ho meiner det er overraskande at konkurstala ikkje fortset å stige i tredje kvartal. Samanlikna med 2. kvartal i år er det ein nedgang på åtte prosent.

Forventar normalnivå neste år
Samanlikna med dei to åra før pandemien, som sjåast på som normalår, er det færre konkursar enn før.

– Vi trudde vi skulle sjå ei normalisering av konkursnivået no, men det let seg vente, skriv Aaker Lindstad.

Ho trur derimot ikkje vi kjem til å sjå det før neste år.

Kring 30 prosent auke
Totalt sett er det ei auke i konkursar i Trøndelag og Møre og Romsdal i 2023, der 397 er registrert.

– Tala hittil i år viser 30 prosent fleire konkursar dei første ni månadane i år, samanlikna med tilsvarande periode i fjor.

Gründerøkonomen meiner at denne auken er venta på grunn av rentehevinga som gjer at folk strammar inn privat forbruk.

Samanlikna med september i fjor har Romsdal hatt ei konkursauke på 45 prosent, medan det på Sunnmøre har vore 32 prosent.

Samanlikna med normalåret 2019, viser det reduksjon på 30 prosent for Romsdal, og 15 prosent for Sunnmøre.

Vil truleg merke endringa
Anders Falch Dahl er senioranalytikar i SpareBank 1 SMN, og ansvarleg for utarbeidinga av konkursrapporten.

– Bedrifter vil truleg merke ei enno større endring det komande halvåret, med redusert etterspurnad frå forbrukerar som rammast stadig hardare av auka kostnader.

Publisert: 19.10.2023 12:15

Sist oppdatert: 19.10.2023 12:02

Mer om