Gjennom selskapet Digerneset Næringspark er søskena Nils Eirik og Lene Wenaas - saman med Møller Eiendom Norge - store eigedomsinvestorar ved fleire trafikk-knutepunkt i Møre og Romsdal.
Digernesskiftet i tidlegare Skodje kommunen er den største investeringa.
No har Digerneset Næringspark kjøpt ei tomt på 17.200 kvadratmeter på Hjelset i Molde kommune frå selskapet Alstad Invest. Toma ligg på næringsområdet like ved det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal, der vegane frå Kristiansund, Sunndalsøra og Molde møtest.
Alstad Invest er eigd av dagleg leiar Geir Andreassen og 12 andre aksjonærar.
På tomta står eit kombinert verkstad-, kontor- og lagerbygg på 3150 kvadratmeter som er utleigd til Norsk Scania i 15 år framover. Leigeavtalen er med på kjøpet.
Kva Digerneset Næringspark betalar for eigedommen på Hjelset er ikkje opplyst.
"Vi er fornøyde med å kunne legge til en eiendom med en solid industriell leietaker i porteføljen. Investeringen passer godt inn i vår langsiktige strategi," seier Nils Eirik Wenaas i Digerneset Næringspark i ei pressemelding.
Med dette kjøpet har Digerneset Næringspark ei samla bygningsmasse på omlag 95.000 kvadratmeter og ei årleg leigeinntekt på rundt 147 millioner kroner. I tillegg har selskapet ein betydeleg tomtebank for utvikling av nye næringsbygg, heiter det i pressemeldinga.
Publisert: 09.03.2026 14:08
Sist oppdatert: 09.03.2026 16:55






