Paul Harald
REIAR: Paul Harald Leinebø brukte sin siste tale som styreleiar i Fiskebåt Vest til å seie unnskyld til trakasserte fiskarkvinner. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Sa unnskyld til trakasserte fiskarkvinner

- På vegne av oss som eig fiskebåtane vil eg be om unnskyldning til dei som føler seg trakasserte om bord.

03.12.2021

Det sa styreleiar Paul Harald Leinebø under opningstalen til årsmøtet i Fiskebåt Vest i Ålesund fredag.

Leinebø er hovedeigar til autolinebåten Leinebris, og har vore styreleiar i Fiskebåt Vest i åtte år.

Han minte årsmøtet om at i haust har mediebildet vore prega av ei sak som ein helst skulle vore forutan.

- Eg tenker på historiene om trakassering av kvinner om bord på norske fiskefartøy, og til dels av lærlingane våre om bord. Desse historiene er faktisk opprørande, sa Leinebø.

Vart slått ned
Det starta i utgangspunktet med at den 23 år gamle fiskaren Susanne Mortensen stod fram og fortalde om diskriminering, mobbing og seksuell trakassering, og åtvara kvinner om å gå inn i fiskaryrket.

Fleire andre fortalde om liknande erfaringar, blant anna 28 år gamle Ania Nikolaisen som sa at ho måtte røme frå ein linebåt på grunn av rus, vald og diskriminering. Ho vart seinare slått ned av ein maskert mann i Bodø.

Fiskeriminister Bjørnar Skjæran kalla inn næringa på teppet etter avsløringane. Tidlegare i haust la Solberg-regjeringa fram ein strategi for å få fleire kvinner til å søke seg til fiskeriet. Ein søknadsbasert tilskottsordning til likestillingsprosjekt var mellom tiltaka.

NETT NO omtala førre veke at det kort tid før fristen berre var kome inn to søknader frå aktørar i bransjen. Ingen av dei var frå Nordvestlandet, og Fiskebåt oppmoda fleire til å melde seg med gode idear.

- Også gode historier
Paul Harald Leinebø sa under opningstalen at han kan ikkje anna enn å tru at dei fleste kvinner slepp å oppleve trakassering.

- Heldigvis har vi fleire jenter med gode historier også,.

Han oppfordra medlemane til å kjempe mot alle former for trakassering om bord.

- Alle fiskarar, både gutar og jenter, skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø, sa Leinebø.

Alle fiskarar, både gutar og jenter, skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø
Paul Harald Leinebø

Ta vaksina!
I opningstalen oppmoda Leinebø også sterkt om at alle fiskarar tok coronavaksine.

Han viste til at enkelte fiskarar ikkje har ønska å ta vaksina.

- Ta vaksina! Utan å vere vaksinert, utset ein både seg sjølv og andre for større risiko for å bli sjuk.

- Om dette skjer langt til havs, kan konsekvensane fort bli store, både for mannskap og reiarlag.

Loran-ros
Leinebø såg fleire positive utviklingstrekk i fiskerinæringa, og var opptatt av at mange reiarar no satsa grønt. Han rosa spesielt Loran-reiarlaget på Godøya, som byggjer det første fiskefartøyet i verda som skal bruke hydrogen.

Men samstundes var Leinebø uroleg for korleis omstillinga skal skje for alle som ikkje skal byggje nytt dei næraste åra.

Han oppmoda om at ein fekk ein klimapolitikk som også var tilrettelagd for at dagens flåte skal kunne brukast, og som baserer seg på tilgjengelege ressursar som skal fiskast.

- Fisk er trass alt det mest klimavenlege animalske proteinet som finst, så det å stase på fiskeria er faktisk i seg sjølv eit klimatiltak.

Paul Harald 2
VAKSINE-JA: Styreleiar Paul Harald Leinebø i Fiskebåt Vest oppmoda alle fiskarar til å ta vaksine. Foto: Kjetil Haanes
Kva skjer med verdiskapinga langs kysten dersom all bunkring i framtida skal skje til havs eller i utanlandsk hamn
Paul Harald Leinebø

Fryktar auken i CO2-avgifta
Leinebø var bekymra for konsekvensane av den gradvise auken av CO2-avgifta.

- Eg er absolutt tilhengar av det grøne skiftet, men eg fryktar at avgiftspolitikken vil kunne bidra til å gjere det grøne skiftet vanskelegare. For vil vi klare å omstille oss om store deler av overskotet skal brukast til å betale avgift? spurde Leinebø.

Han viste til at konkurrentane ikkje har CO2-avgift.

- Korleis vil vi klare oss i ein internasjonal konkurranse når vårt drivstoff er dobbelt så dyrt som andre sitt? Og kva skjer med verdiskapinga langs kysten dersom all bunkring i framtida skal skje til havs eller i utanlandsk hamn? spurde Leinebø.

Forpliktande avtale
Han sa at det trengst ein forpliktande avtale med staten som har eit realistisk forhold til både kostnader og teknologiutvikling, i tillegg til gode støtteordningar i verkemiddelapparatet som bidrar til å fordele risiko og meirkostnader med å velje nye løysingar.

- Eg er glad for at den nye regjeringa har varsla at det skal inngåast partnerskap med næringa rundt ein klimaavtale. Eg håper at det ikkje berre er ord, sa Paul Harald Leinebø.

Fiskebåt Vest representerer havgåande 74 fartøy, hovudsakleg frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. I tillegg er enkelte reiarlag utan fartøy medlemer.

Publisert: 03.12.2021 10:38

Sist oppdatert: 03.12.2021 10:58

Mer om