Petter Geir Smådal og Vidar Ulriksen
ÅLESUND: Reiar Petter Geir Smådal og statssekretær Vidar Ulriksen. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vanskeleg å kutte diesel når vi må gå enorme avstandar for å levere

Statssekretær Vidar Ulriksen ber den havgåande flåten bruke mindre drivstoff. Reiar Petter Geir Smådal meiner at det ikkje er like enkelt.

03.12.2021

- Vi har auka kvoter på NVG-sild og makrell, men manglande avtalar gjer at vi må gå lange vegar for å fiske.

- Samstundes kostar det mykje at vi tar med heile kysten som utbodsområde, sa Smådal under årsmøtet i Fiskebåt Vest i Ålesund.

Smådal er reiar og skipper på Herøy-båten Smaragd.

Han såg det som ei plikt å ta med heile kysten på utbod, slik at norsk industri fekk råstoff.

Til NETT NO seier han at lengste turen i år var med ein loddelast frå aust-kysten av Island til mottaket i Lødingen i Lofoten, ein distanse på rundt 900 nautiske mil.

- På denne turen brukte vi nok 40.000 liter diesel.

Færre fartøy - meir utslepp
Under årsmøtet sa Ulriksen at utsleppa må ned. Han viste til at fiskeflåten sitt drivstoff-forbruk har auka med 40 prosent sidan 2005, samstundes som at talet på fartøy har gått kraftig ned.

Han sa at dei 150 fartøya i havfiskeflåten stod for 75 prosent av utsleppa, medan dei resterande 1800 fartøya stod for 25 prosent.

- Det er ingen tvil om kvar utfordringa er størst, sa Ulriksen. Han er statssekretær for fiskeri- og havbruksminister Bjørnar Skjæran, og har tidlegare ti år bak seg i styret i Norges Fiskarlag.

- Slakke på gassen
Ulriksen forstod utfordringa som Smådal og andre reiarar hadde, spesielt i år når ein måtte køyre langt i jakta på makrell.

- Det er ikkje noko mål å avgrense utbodet. Vi skal gå til det mottaket som betalar mest, sa Ulriksen som uansett meinte at det ikkje var noko anna løysing enn å kutte utslepp.

Han viste også til at det var muleg å slakke litt på gassen.

- Det skjedde blant anna i 2008 då dieselforbruket under loddefisket vart kraftig redusert sjølv om kvotene gjekk opp.

Reiar vil ha atomkraft-satsing
Driftssjef Jon Grimstad i Strand Rederi minte Ulriksen om at det var ein samanheng mellom drivstoff-forbruk og verdiskaping.

- Vi må hugse på at den havgåande flåten også står for 75 prosent av den totale verdiskapinga, ikkje berre 75 prosent av drivstoff-forbruket, sa Grimstad.

Reiar og skipper Hallgeir Holmeset i reiarlaget H.P. Holmeset meinte på sin side at det måtte til ei satsing på atomkraft for å løyse klimautfordringane.

Ulriksen var ikkje avvisande til ei slik satsing.

Ein bør ikkje vere forundra over at oljeindustrien ikkje vil forske på alternative drivstoff
Vidar Ulriksen

Tru på thorium
Han viste til at Finland er einaste landet i Europa som no bygger atomkraftverk.

- Men situasjonen er at Frankrike har over 70 prosent av energiforsyninga frå atomkraftverk, utan at det vert snakka så mykje om det.

Ulriksen viste til ein konferanse han hadde deltatt på for ein del år tilbake om trafikken gjennom Nordaust-passasjen.

- Der var det to rådgivarar frå USA og Canada som hadde vore kapteinar på isbrytarar i Arktis. Dei var tydeleg på at det ikkje burde sleppast fartøy opp i isen som ikkje gjekk på atomkraft.

Sjølv hadde Ulriksen stor tru på thorium som energikjelde.

- Norge har 1/3-del av thorium-forekomstane som er kjende i verda, men det skjer lite på forskingssida.

- Ein bør ikkje vere forundra over at oljeindustrien ikkje vil forske på alternative drivstoff.

- Total uakseptabel trakassering
Til årsmøtet var Ulriksen klar på at næringa måtte rydde opp når det gjeld dårleg arbeidsmiljø. Han viste til talen som styreleiar Paul Harald Leinebø hadde hatt, der Leinebø sa unnskyld til kvinner som hadde følt seg trakasserte.

- Fiskerinæringa har fått seg ein vekkar i kraft av nokre modige kvinner som sagt klart ifrå om uverdige forhold.

- Eg trur ikkje dette er representativt for majoriteten i fiskerinæringa, men eitt tilfelle er eitt for mykje.

Ulriksen sa at det som hadde kome fram var totalt uakseptabelt, og forventa at næringa rydda opp.

- Eg er glad for at organisasjonane har tatt tak. Men vi forventar at det vert meir enn ord.

Publisert: 03.12.2021 14:09

Sist oppdatert: 03.12.2021 14:30

Mer om