Pause for Island Innovator
PAUSE: På grunn av vinterrestriksjonar på bruk av Island Innovator, har Lundin mellombels stoppa boring på eit felt i Barentshavet syd.
Nytt

Pause for Island Innovator

Lundin Petroleum stoppar arbeidet i Barentshavet syd med boreriggen Island Innovator.

05.11.2015
Riggen har drive med leiteboring på Neiden-feltet, men aktivitetane vert no mellombels stansa. Grunnen er vinterrestriksjonar på bruken av Island Innovator, opplyser det svenske oljeselskapet i ei .
Boreriggen er eigd av Island Drilling der Island Offshore-systemet med Håvard og Morten Ulstein er tungt inne på eigarsida.
Island Drilling har ein avtale om å bore 12 brønnar for Lundin, og var dermed i utgangspunktet sikra arbeid inn i 2016.

Forventar funn

Lundin skriv i børsmeldinga at operasjonen er forventa å halde fram neste år.
Ifølgje er formålet med brønnen som no er utsett å teste reservoareigenskapane og hydrokarbonpotensialet i Trias og Perm bergartar. Brønnen skulle borast vertikalt til 1.312 meter djupne målt frå boredekk.
Lundin meiner at det er 30 prosent sjanse å finne hydrokarbonar i brønnen.

Publisert: 05.11.2015 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:49